Viktige grep for vanlege folk

1. august 2023 er det fleire endringar som trer i kraft.

Med dyrtid og auka levekostnadar, er det viktigare enn nokon gong med ei regjering som stadig kjem med tiltak som betrar vanlege folk sine levekår og styrker kjøpekrafta.

Frå 1. august får alle 2. klassingar 12 timar gratis kjernetid i SFO kvar veke, det samme som 1. klassingane fekk i fjor.

Frå 1. august vert maksprisen for barnehage redusert til 3.000 kroner månaden, i tillegg vert det gratis for det tredje barnet i barnehage viss dei går der samtidig.

Frå 1. august får studentane 9.000 kroner meir i studiestøtte årleg, dette er den største auken på 15 år.

Dette er viktige endringar for vanlege folk.

Samfunnet går no steg for steg i rett retning, der fellesskapet vert styrka og der dei store pengane kan brukast på dei store oppgåvene, som gode velferdstenester for alle.

Vi får til meir saman enn kvar for oss!

Meiner du dette er gode og viktige endringar? Gje oss gjerne røysta di ved kommunevalet 11. september.