Det var press på skulestrukturen i både Vågsøy og Flora kommune dei siste åra før kommunesamanslåinga, og presset har halde fram også etter at Kinn vart ein realitet. Både skulen i Steinhovden og i Stavang er truga av nedlegging samtidig som Florø barneskule treng ny gymsal og det må byggast ein ny Skram skole. Det må også finnast ei løysing på svømmeopplæringa i Vågsøy-delen av kommunen.

Dersom det vert fleirtal for å reversere Kinn kommune, så vil innsparingsprogrammet i Kinn kommune stoppe opp samtidig som ein skal bruke mellom 40 og 50 millionar på å gjennomføre reverseringsprosessen. Sjølv om ein får dekt ein del av kostnadane til oppløysinga så vil pengebruken uansett gå ut over tenestetilbodet og stoppe planlagde investeringsprosjekt. Dei auka kostnadane ved å drifte to kommunar i staden for ein vil også gå utover tenestetilbodet.

I praksis vil dei to "nye" kommunane bli tvinga til å gå gjennom harde kutt. Det vil bli endå hardare krav om nedlegging av skulane i Steinhovden og Stavang. Det er risiko for at den einaste måten å få råd til Skram skile er å legge ned skulane på Raudeberg og i Skavøypoll. Bygging av ny gymsal ved Florø barneskule blir skubba ut i tid etc.

Det er berre gjennom å bruke pengar på ei vidare utvikling av Kinn kommune at ein kan få råd til dei naudsynte prosjekta innan skulesektoren og å behalde grendeskulane.

Å bruke pengar på oppløysing av Kinn er bortkasta pengar.