Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tusdag 21. mars.

Torsdag kan politikarane i Vågsøy gjere det viktigaste vedtaket på mange tiår dersom dei seier ja til å slå seg saman med Flora kommune. Og blir det ja, så skjer det berre seks veker etter at det same kommunestyret med 19 mot 8 stemmer sa ja til å starte forhandlingar med kystbykommunen i sør.

Mange meiner dette prosjektet har gått for fort. Dei mange sidene ved eit slikt ekteskap er ikkje er godt nok greidd ut og tenkt gjennom. Det kan nok vere grunnen til at heile 55 prosent i Vågsøy sa nei til Kinn kommune i innbyggjarundersøkinga som vart kjent fredag. Ordførar i Flora, Ola Teigen, gjekk så langt som å legge seg flat og innrømme at det har gått for fort i svingane. Innbyggjarundersøkinga er eit godt eksempel på at det er mykje som ikkje er godt nok gjennomtenkt.

Når så mange som 55 prosent i innbyggjarundersøkinga seier nei til Flora, så er det eit krystallklart råd til politikarane. Vi trur at avstandar og styrkeforholdet mellom dei to kommunane er grunnen til at det er berre 31 prosent av dei spurde i Vågsøy som trur at dette kan bli bra. Før helga var fleire av vågsøypolitikarane Fjordenes Tidende snakka med i tvil om kva dei skal stemme når saka skal opp på torsdag. Det var før resultatet av innbyggjarundersøkinga var klar. Det blir spennande å sjå om politikarane vil lytte til rådet frå innbyggjarane.

Vi trur det er lurt som forskar Yngve Flo sa før helga at politikarane ikkje forhastar seg. I intensjonsavtalen med Flora er det flotte vyar og formuleringar, men mange detaljar som ikkje er avklara. Vågsøy bør takke ja til invitasjonen frå naboane Selje og Eid, som dei samarbeider tett med i dag, for å sjå om ein kan oppnå like mykje der som med Flora før dei bestemmer seg.