Innlegget er skrive av Inge Arnt Kjøde og stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 20. oktober.

Eit 100- årsminne

21. oktober er det 100 år sidan den britiske destroyeren HMS «Marmion» kolliderte og sokk utanfor Lerwick, Shetland. 23. november same år vart to av dei omkomne gravlagt i Selje.

Under eit søk i kyrkjeboka for Selje (Ministerialbok) for perioden 1908–1923 kom eg tilfeldig over to innførte dødsfall, nr. 21 og 22, for året 1917.

Dette var sanitetsløytnant Grey Brown, død 21. oktober 1917, gravlagt og jordfest i Selje 23. november 1917. Han var fødd rundt 21. august 1897, britisk undersått, bustad: 21 Reidhaven Street, Cullen, Scotland. «Fundet et stenkast nord for Holmetangen, Ersholmen». Den andre var lettmatros Enoch Idris Jones, død 21. oktober 1917, gravlagt og jordfest i Selje 23. november 1917. Fødd 15. april 1897, britisk undersått, bustad: 37 Sydney Street, Swansea, South Wales, Grt. Britain. «Fundet ved kirkefjæren».

Begge hadde vore mannskap om bord i den britiske destroyeren H.M.S. «Marmion», og for begge to var «drukning i Nordsjøen» oppgitt som dødsårsak.

I barndomen og tidleg ungdom høyrde eg fortalt at to engelske marinegastar vart gravlagde på kyrkjegarden i Selje ein gong under første verdskrigen.

Historia om desse to marinegastane vart gjerne teken fram for å underbygge segna om Sta. Sunniva og drifta på flåten frå Irland til Selja. Når to lik hadde drive frå vest- eller nordkysten av Storbritannia, tvers over Nordsjøen og opp i fjøra i Selje under første verdskrigen burde det ikkje vere utenkjeleg at flåten med følgjet til Sta. Sunniva kunne ha drive same vegen om lag 1.000 år før.

Etter dette funnet i kyrkjeboka vakna interessa for å finne ut meir. Søk på Internett gav svar.

H.M.S. «Marmion» var ein britisk «Admirality M-class destroyer». Den var bygd ved det berømte skipsverftet Swan Hunter der den vart sjøsett 28. mai 1915 og var ferdig overlevert 21. september 1915.

Dette var under første verdskrigen. Under eit eskorteoppdrag og i dårleg vêr kolliderte «Marmion» med destroyeren H.M.S. «Tirade» og sokk utanfor Lerwick på Shetland 21. oktober 1917. Mange omkom.

Sjølv om den var i krigsteneste havarerte «Marmion» på grunn av ei maritim ulukke, ikkje på grunn av direkte krigshandlingar.

I løpet av tre–fire veker hadde lika av desse to britiske 20-åringane drive frå kysten av Shetland og over Nordsjøen mot norskekysten, inn i Sildagapet og Skårfjorden og tett forbi Selja. Der hamna det eine i fjøra på Ersholmen, mens det andre dreiv opp i kyrkjefjøra.

Dei vart gravlagde på den gamle kyrkjegarden i Selje 23. november 1917. Gravene til dei to vart festa til den engelske stat i 99 år frå 23. november 1917. Festeavgifta var 60 kroner.

Under ei samtale med Leif Hove i mai 2015 fortalde han at Joachim Sæbø, seinare styrar på Handelslaget, på den tid var i militærteneste og han hadde stått æresvakt i gravferda.

Så har det blitt fortalt at kring 1950 vart dei to britane gravne opp att og flytta til ein annan gravplass.

Fleire eg har snakka med bekrefta historia, men dei kunne ikkje hugse når eller kvar dei vart flytta. Hove fortalde at han på den tid var kyrkjeverje og at han var med og grov dei opp. Lika vart henta med båt.

Leif Hove fortalde at dei hadde vorte instruerte om at gravstøttene skulle knusast etter at gravene ikkje lenger var i bruk. Han hadde også teke bilete av gravstøttene, men han visste ikkje kvar desse var no.

Hove kunne også fortelje at familien Kvernevik hadde fått teke over festet for dei to gravene for å ha det til familiegravplass.

Med desse opplysningane kunne både gravplassen og tida for flyttinga identifiserast ganske godt. Anders Kvernevik døydde i mai 1949, så då vart dei nok flytta ein gong i løpet av 1948 eller 1949. Men kvar vart dei flytta?

Frå slektsgranskarar fekk eg tips om databasen Commonwealth War Graves Commission. Etter nokre søk fann eg dei to på Fredrikstad Military Cemetery.

Her ligg dei saman med 80 andre britar som døydde under første verdskrigen. Mange hadde vorte plukka opp og gravlagt på forskjellige stader i Norge og vart seinare flytta hit. Men av 82 gravlagde er det heile 51 som ikkje er identifiserte.

Så viser det seg at av dei som er gravlagt her, er det ti med dødsdato 21. oktober 1917. Av desse er to frå handelsskipet S/S «Argus» mens dei åtte andre er frå H.M.S. «Marmion».

Det betyr at lika av åtte av dei som omkom i «Marmion»–forliset og dreiv over Nordsjøen og vart plukka opp og gravlagt på forskjellige gravplassar langs kysten av Norge før dei seinare vart flytta til Fredrikstad.

To av desse, Grey Brown og E.I. Jones, har tidlegare vore gravlagt på den gamle kyrkjegarden i Selje.