Dette lesarinnlegget er skrive av Åge Starheim, pensjonist.

Pensjonistsviket

Dessverre fekk eg rett når eg tidlegare beskulda Støre-regjeringa for å svikte pensjonistane.

Eit fleirtal beståande av AP, SP, H, KrF og Venstre røysta no ned eit forslag i Stortinget som kunne ha gitt eit løft for minstepensjonistane.

Sidan pensjonsreforma vart vedteken har pensjonistane fått eit tap på kjøpekrafta si på 61 milliardar kroner. Dette er beløp eg har fått stadfesta av Pensjonistforbundet.

Sjølv om AP og Høgre aldri har brydd seg om pensjonistane sine rettigheiter, hadde vi forventa at SP, KrF og Venstre no hadde manna seg opp og sagt unnskyld til pensjonistane, for det desse partia var med på i pensjonsforliket. Men nei, det gjorde dei ikkje.

Stad er ei typisk distriktskommune med veldig mange minstepensjonistar. Eg registrert at ikkje eingong Alfred Bjørlo, som burde vite kor situasjonen er i vår kommune, har klart å få Venstre si stortingsgruppe til å røyste for forslaget om å rette opp skeivheitene for pensjonistane. Venstre sine representantar røysta saman med AP, SP, H og KrF mot å auke pensjonane.

Det er mange distriktspolitikarar på Stortinget som burde vite at deira parti har vore med på å rane minstepensjonistane. Desse representantane burde ha stått i første rekke for å rette opp dei feil som dei har medverka til.

Det er enkelt å slå om seg med ting ein vil gjere, for så å få dette saman med bilde inn i lokalavisene. Ting som ikkje har stor betydning for vanlege folk. Men når det kjem til stykke så ser vi at ord ikkje vert gjort om til handling.

Pensjonistane i distrikta er sårbare grupper. Dette fordi at det er tungvint og dyrt å forflytte seg for å treffe slekt og venner. Kollektivtilbodet i distrikta er bort imot fråverande. Det er dårleg tilpassa for andre enn skuleelevar.

Eg registrerer at regjeringa endå ein gong skal greie ut minstepensjonistane sin økonomi. Dette er berre eit triks for å skyve problemet føre seg. Det er vi etter kvart godt vande med.

Det er freistande å tenkje at dei politiske partia, som no ikkje vil gje noko meir til pensjonistane, har eit håp om at dette vil ta så lang tid at flest mogleg pensjonistar har kome i grava. Dette er harde ord, men sannsynlegvis sant.