Ambulansebilane i Kalvåg og Leirgulen

Vi viser til artikkel i Fjordenes Tidende 1. mars som omhandlar eit brev til Helse Førde frå Bremanger kommune ved eldrerådet og Aage Kvendseth.

Saka gjeld ambulansebilane i Kalvåg og Leirgulen. Eldrerådet krev at bilane skal stå i garasjar, og Helse Førde må ha tilsett ansvarlege for at bilane til ei kvar tid er i stand for utrykking, under tittelen «Folk kjenner seg ikkje lenger trygge».

Helse Førde fekk ikkje høve til samtidig tilsvar på kritikken som kom fram i avisartikkelen, og vil difor svare i dette innlegget. Eldrerådet har allereie motteke svar frå oss på sitt brev.

Helse Førde er kjend med det store engasjementet i saka med endringar knytt til akuttilbodet i kommunen. Ved styrevedtak om endringane i 2021 vart det også vedtatt at Helse Førde over ein periode på to år skal evaluere endringane saman med kommunane. Den første evalueringa var oppe i styret i Helse Førde 26.januar 2023.

Ambulansetenesta sette i verk avbøtande tiltak etter snøfall og ei vifte som ikkje smelta isdanning på vindauga på ambulansebilen i Kalvåg medio desember 2022. Saka fekk mykje medieomtale, og Helse Førde tok sjølvkritikk.

Ambulansetenesta har tilsette som har regelmessig tilsyn med ambulansetenesta sine køyretøy. Det kan og leggast til at ambulansebåten i Florø har jamlege oppdrag i Kalvåg fleire gonger i veka som medfører bruk av bil og høve for regelmessig tilsyn.

I samband med strukturgjennomgang og styrehandsaming i 2021 var det fleire innspel knytt til at Frøysjøen og innseglinga til Kalvåg kunne vere krevjande å forsere ved grov sjø. Innleiingsvis vurderte vi Kalvåg som kai og oppstillingsplass sommartid, og Smørhamn vinterstid. Det er vårt primære ønske å ha Kalvåg som fast oppstillingsplass gjennom heile året, men vi ønskjer å hauste erfaringar før vi avgjer kva som er best. Til no har vi ikkje hatt oppdrag som har problematisert Kalvåg som heilårskai.

Helse Førde er ikkje kjend med påstandar om episodar som har oppstått ved trong for ambulanse, og at bil skal ha hatt flatt batteri. Dei klagene vi har mottatt er óg vist til i orientering til styret.  Vi er kjende med eit stort lokalt engasjement m.a. i sosiale media. Ein del av desse innlegga har stått for påstandar som Helse Førde ikkje finn grunnlag for, og følgjeleg heller ikkje finn grunn for å kommentere.

Vi er heller ikkje kjende med andre episodar. Vi ber difor eldrerådet om meir spesifikk informasjon, for eventuelt å kunne gje tilbakemelding slik de etterspør.

Helse Førde si vurdering er at beredskapen og tilbodet i Bremanger, og oppfølging av dette, er i tråd med det styret har vedteke.