Uttale vedk. framlegg om avvikling av Bryggja omsorgssenter

Viser til oppslag i Fjordabladet tysdag 15.11. med overskrifta: «Føreslår avvikling av Bryggja omsorgssenter», noko som har skapt sterke reaksjonar i lokalmiljøet. (Viser i den samanheng m.a. til lesarinnlegg i Fjordabladet tysdag 22. november.)

Administrasjonen i Stad kommune kjem med dette framlegget som eitt av fleire innsparingstiltak for å få budsjettet for 2023 i balanse. Av avisartikkelen går det elles fram at administrasjonen vurderer den økonomiske situasjonen slik at det hastar med å kome i gang med strukturendringane innanfor formålsbygga for helse- og omsorg.

Det blir elles vist til at utnyttinga av romkapasiteten har vore lav, og at fleire som har fått tilbod om plass på Bryggja omsorgssenter ikkje har teke mot tilbodet. Det er vel grunn til å tru at desse har «takka nei» fordi dei tidlegare har budd andre stader i kommunen, og at det såleis hadde blitt lang veg til næraste pårørande og tidlegare heimemiljø.

Viser i den samanheng til stillingsannonse frå Stad kommune i Fjordabladet den 22.11. der det m.a. står: Sitat: « I Stad kommune arbeider vi etter verdiane nær, raus, skapande og heilhjarta. Desse skal hjelpe oss med å gje innbyggjarane gode tenester og strekkje oss mot visjonen vår «verdas beste vesle stad»».

Den verdien som her er nemnd først, er «nær». Ved ei eventuell avvikling av Bryggja omsorgssenter kjem dette verdimålet i eit underleg lys! Eid pensjonistlag oppmodar såleis Stad kommune om å oppretthalde drifta på Bryggja omsorgssenter, til det beste for eldre i Bryggja-regionen som har behov for ein omsorgsbustad.