Du les no ein leiarartikkel som uttrykker skribenten si meining.

Tida då kvar enkelt måtte syte for å vere sjølvberga på mat er forbi. Om ikkje kvar enkelt familie er sjølvforsynt lenger, likar vi i alle fall å tru at Norge er sjølvberga av eigen matproduksjon. No stolar vi på at vi kvar dag finn det vi treng i matbutikken, og vi stiller store krav til både kvalitet og pris. Bak matvarene vi handlar i butikken ligg det mykje godt arbeid, som vi kanskje skal sette meir pris på.

Det blir sagt at landbruksoppgjeret i år er eit av dei viktigaste på fleire tiår. Kravet frå bondeorganisasjonane er på 11, 5 milliardar kroner, som er ei stor auke i forhold til krava i fjor på 2,1 milliardar.

Bondeorganisasjonane forklarar dei høge krava med stor prisauke på både drivstoff, straum og gjødsel. I tillegg til faren for matvaretryggleiken og at heile landbruksnæringa treng ein snuoperasjon.

Det har vore ei endring av landbruket i Norge, der det har vore samanslåing av bruk og ei sentralisering. Dei som før var rekna som store bruk, er ikkje lenger store nok. I vårt distrikt er det eit landskap som gjer det utfordrande og kostnadskrevjande å drive matproduksjon. På den andre sida gler vi oss over dei som framleis har beitedyr, slår graset og held kulturlandskapet i hevd. Men vi kan ikkje vente at bønder vil halde fram med det, om dei ikkje tener noko på det.

For å drive matproduksjon i dag, er bonden heilt avhengig av økonomisk støtte. Vi treng også dei mindre bruka som er rundt oss. Bygdene og kulturlandskapet vil tape mykje om den lokale bonden må legge ned drifta. Vi kan ikkje forvente at nokon kan halde fram i næring om ein tapar pengar. Det må løne seg for bonden å vere bonde.

Spørsmålet er om vi er villige til å betale for at bonden skal syte for ein berekraftig matproduksjon i Norge. Kor mykje skal det gå over statsbudsjettet og kor mykje skal forbrukarane betale gjennom høgare matvareprisar? Norge som nasjon har i alle fall ikkje råd til at bøndene legg ned drifta.