Ifølgje eit innlegg frå Martin Hagen står ny Skram skole øvst på lista til heile Kinn kommunestyre som det viktigaste (mi utheving) prosjektet å få realisert. Er dette sant? Jo, det er berre å spørje alle partia, skriv Hagen. Partia og politikarane bør vel først og fremst målast på kva dei gjer og ikkje på kva dei seier. Og ser vi på handlingane så ser det ikkje slik ut.

Då vi skulle vedta budsjett for 2022 og økonomiplan for 2022–2025 var det budsjettframlegga frå Raudt og frå Sp som hadde inne finansiering av ny Skram skule i Vågsøy. Fellesframlegget frå Ap, V og H, som vart støtta av FrP og KrF, hadde ikkje med bygging av ny Skram skole. Ikkje 1 øre var sett av i løpet av dei 4 åra vi lagde budsjett for. Derimot var det andre store prosjekt som var prioritert som t.d. ny fotballhall i Florø.

Vil dette endre seg? Har det endra seg? Det er fleire svært store prosjekt som står i kø i Kinn og først og fremst i Florø. Ny containerhamn i Gunnhildvågen, nytt rådhus (kvartal), parkeringshus i sentrum, ny gymsal ved Flora barneskule er berre nokre.

Men det aller største, og kanskje viktigaste, er riving/ombygging av det gamle sjukehuset til ny institusjon for eldre. Dei fleste som har prøvd å gjere seg tankar om dette er vel einige i at antydningane om ein kostnad på 500 mill. er veldig forsiktige. Flora har endå større utfordringar med auke i tal på eldre enn Vågsøy har og ligg langt etter Vågsøy i å ha prioritert dette då ein var sjølvstendige kommunar.

Lånegjelda er svært høg i Kinn. Altfor høg. Og den vil fortsette å auke i åra framover. Difor er det lett å sjå at det vil bli tautrekking om kva prosjekt som vil bli realisert i åra framover dersom Kinn skal fortsette. Kjøtvekta er i Florø, både av veljarar og av folkevalde. Eg er såpass realistisk at eg innser at kjøtvekta rår.

I ei framtidig ny Vågsøy kommune trur eg det vil vere samstemmigheit om at bygging av Skram skule er det aller viktigaste prosjektet å gjennomføre. Og då vil den bli bygd. Ikkje fordi økonomien vil vere så mykje betre enn i Kinn dei næraste åra. Men rett og slett fordi Skram skole ikkje på nytt vil tape i kampen mot store prosjekt i Florø-området.