Myter og sanning

Ein kan i debatten om Kinn av og til få inntrykk av at Vågsøy stod «på avgrunnens rand» før samanslåing med Flora kom som ein redningsplanke i nødens stund. Dette har ingen rot i verkelegheita.

Eg sat i kommunestyret i begge dei to foregåande periodane i Vågsøy og sanninga er at det aldri var tema at vi såg oss tvinga til å finne ei kommune å slå oss saman med for å liksom skulle greie oss i framtida. Eg gjentar: Det var aldri eit tema. Samanslåing kom opp fordi regjeringa ønska større kommunar og vi vart i lag med dei fleste andre kommunar oppmoda om å sjå på mogelege samanslåingar. Vi skulle ta «den gode nabopraten» som det heitte seg. Og under låg etter kvart trusselen om at dersom vi ikkje valde nokon sjølve så var faren der for at vi ville bli tvinga saman med nokon.

Det er ikkje naudsynt å rippe opp i dei alternativa som var oppe og korleis dei ulike forhandlingane gjekk, sjølv om det er interessant nok dèt.

oenget mitt er at ingen folkevalde eller parti meinte det ville vere fare for at kommunen Vågsøy ikkje hadde evne til å klare seg i åra framover. Vi hadde mange diskusjonar om pengebruken og kva tiltak som burde takast og ikkje, kva vi kunne sjå oss råd til og ikkje.

Og eg prøver overhovud ikkje å skjønnmale situasjonen slik den var. Men eg kan heller ikkje godta den svartmalinga som enkelte prøver på no i ettertid for liksom å rettferdiggjere at ein ikkje kan dele opp att Kinn.