Kvifor gjer nokon hærverk? Det er sikkert fleire svar på det spørsmålet, men i grunnen er det heilt uforståeleg at nokon utan mål og meining øydelegg andre sin eigedom.

Det har no blitt så mange og alvorlege hærverk ved Vågsøy ungdomsskole i Måløy på kveldstid at Kinn kommune ser seg nøydde til å sette opp videoovervaking.

– Vi har som kjent vore plaga med ein del hærverk på skulen, og den siste hendinga, der det blei sett fyr på eit søppelspann inne på eit toalett på skulen, var såpass alvorleg at vi har sett oss nøydde til å sette opp kamera, sa ein avdelingsleiar i Kinn kommune til Fjordenes Tidende.

Det er trist at vi no er der at slike tiltak blir nødvendige. Hærverk påfører samfunnet både store kostnader og fører til inngrep og tiltak som påverkar oss alle. Derfor er hærverk eit stort samfunnsproblem.

I ein rapport av Samfunnsøkonomisk analyse frå 2022 kjem det fram at i 2018 var 17.700 tilfelle av skadeverk, eller hærverk, som vart meldt til politiet. Dette handla hovudsakleg om hærverk på eigedom og køyretøy. Ifølgje Levekårsundersøkinga i 2018 var det 1,8 prosent av befolkninga som var utsett for hærverk. I 2018 svarar det til 96.000 tilfelle av hærverk. Det viser at hærverk er eit endå større problem enn berre dei sakene som kjem fram til politiet.

Kva kan vi gjere for å unngå at nokon utøver hærverk? Videoovervaking er eit konkret førebyggande tiltak som kan fungere akkurat der det står plassert. Men det kan også vere eit tiltak som kan vere i konflikt med personvernet.

Skal ein førebygge hærverk i det offentlege rom må dette vere definert som eit prioritert område i arealplanlegginga til kommunane. Det vil seie at innbyggarane og brukarane blir involvert, og med det får eigarskap til områda. Områda må vere lagt til rette for bruk heile døgnet, og ein må prioritere at områda er velstelte og ser fine ut.