Held det å vere «herre i eige hus», sjølv når ein får ein rapport som seier at ei deling av kommunen går ut over dei svakaste i samfunnet og viktige utviklingsprosjekt?

Dei som vil reversere Kinn, pluss Høgre, SV og MDG har altså bestilt ein rapport gjennom statsforvaltaren som viser at dei svakaste i samfunnet vil tape på ei deling av kommunen: PPT, helsestasjon, barnevern, miljøtenesta, rus og psykiatri for å nemne noko. I tillegg kjem kulturskulen, ein svakare økonomi, ei svekking av teknisk drift, vatn og avløp, og eit dårlegare tilbod på plan og byggesak – noko som går direkte ut over tilflyttarar som vil bygge hus, og næringsliv som vil utvikle og skape nye arbeidsplassar.

For dei som jobbar for å reversere, så lagar ein heller eit eige politisk valmagasin framstilt som ein slags rapport med nye Vågsøy kommune som avsendar, der det ser ut til at ei deling ikkje vil ha konsekvensar i det heile teke.

Dei svakaste i samfunnet som dette går ut over (ifølge BDO-rapporten) er gløymt i ei historie om at «Nye Vågsøy» vil bli betre på det meste, sjølv om ein har tilgang på ein rapport som viser noko anna, og har visst lenge kor tid den kjem ut.

Ein skal til og med i reverseringsmagasinet bli betre enn Kinn (som har vore topp 3 i Norge to år på rad) på næringsutvikling!

Om ein skal ha ei like effektiv planavdeling som i dag, med like brei kompetanse, så lurer eg veldig på kor ein skal kutte elles for å få det til, for ikkje å snakke om rekrutteringa.

Skram skole har i fleire tiår fått altfor lite vedlikehald i tidlegare Vågsøy kommune, noko som til slutt førte til at det ikkje lenger var forsvarleg å ha ungar i bygget, og ein måtte flytte elevane på brakkeskule på Tennebø.

Likevel ser ein ut til å ha lukkast i å skulde på to år gamle Kinn kommune for at ein må midlertidig på brakkeskule, og at ny skule ikkje er bygd litt over halvanna år etter flyttinga, og seier at ein trur ein ny skule vil bli realisert raskare i ein ny Vågsøy kommune fordi ein då er «herre i eige hus».

Dette har ingen realisme og er ikkje festa til noko anna enn at ein berre seier ord og frasar som at ein ny Vågsøy kommune er ein kompakt kommune og vil vere effektiv berre fordi den er kompakt, og so vidare.

Pengar, rekruttering, ressursar eller om ein har prosjektkompetanse i organisasjonen til å gjennomføre eit slikt prosjekt har ingenting å seie so lenge ein berre er «herre i eige hus». Då kjem skulen opp frå jorda av seg sjølv, formoldar eg.

Økonomien ved ei deling blir generalisert vekk til at ein «får dårleg økonomi uansett». Då vil eg berre seie ein ting heilt klart!: Ein ny Skram skole kostar pengar, masse pengar. Den er faktisk estimert til over 300 millionar kroner. Dette er ei enorm investering for dei aller fleste kommunar. For ei eventuell ny Vågsøy kommune, med den økonomien ein vil få, blir dette ei giga-investering og det vil ta veldig mange år før ein har ressursar til å gjennomføre dette skuleprosjektet.

Rapporten til BDO viser at Vågsøy vil slite hardt med økonomien og vil måtte gjennomføre store kutt i drifta dersom ein deler seg. I reverseringsmagasinet får ein ei oppstilling av kor mange kommunar som har færre innbyggarar, som at det i seg sjølv skulle ha noko som helst relevans for økonomien og kva ein vil få til når ein må bygge ei ny kommune.

I tillegg kostar sjølve omstillinga ifølge rapporten, som eit minste estimat, 43 millionar kroner, sannsynlegvis meir. Berre for å gi eit bilde, så utgjer ti år med vegvedlikehald i Vågsøy-delen cirka 25 millionar kroner. Dette er mykje pengar i ei ny Vågsøy kommune.

Skram skole står øvst på lista til heile Kinn kommunestyre som det viktigaste prosjektet å få realisert (spør gjerne alle partia), men ein har måtte ta ei ny runde for å få ned kostnadane og jobbe med å tilpasse drifta fordi det som sagt er ei svært stor investering på over 300 millionar! Det er ikkje berre å knipse med henda så har ein so mykje pengar klare.

Igjen lukkast då dei som går i front for reversering med å berre skulde på at dette ikkje er noko ein ønsker å prioritere i Kinn og at ein for eksempel heller vil bygge rådhus og fotballhall i Florø – to prosjekt som ikkje er sett i gang. Det blir berre sagt. At det ikkje stemmer har ingenting å seie.

Ein kan også seie at reiseutgiftene har auka med 25 millionar når avisa beviser at reisekostnadene derimot er halvert opp mot dei to tidlegare kommunane. Reisekostnadene er mindre fordi kommunen har satsa knallhardt på digitalisering tilpassa 2022, og fått dette kraftig implementert gjennom ein pandemi.

Om Kinn blir delt går det ut over dei svakaste i samfunnet og fleire tenester. Det vil også skyve Skram skole mange år ut i tid, rett og slett fordi ei eventuell ny Vågsøy kommune ikkje vil ha tilgang til så store pengar på lang tid! For det er pengar det kostar, og ressursar til planlegging og gjennomføring.

Det finst heller ikkje ein tredje veg for Skram. Skal ein realisere Skram skole så raskt som mogleg, så er Kinn det einaste alternativet som kan lykkast med det.

Ei deling kostar pengar, tid og ressursar og vil skyve prosjektet mange år ut i tid. Vågsøy vil få ein for svak økonomi og bruke tid på å i staden bygge ein ny organisasjon. Skal ein snakke om Stad krev det også ei deling tilbake til Vågsøy først og eventuelt ei ny samanslåing – det vil skyve dette og andre prosjekt ut endå fleire år, der ein berre brukar tid, pengar og ressursar på omorganisering – uansett kor positiv ordføraren i Stad måtte vere i avisa.

Det er eit sterkt press på å realisere Skram i Kinn kommune. Ein må slutte å kjøpe den mistilliten som heile tida skal rettast mot Florø som «by fact» gjer ein enorm innsats for heile kommunen, utvikling av Måløy, Raudeberg, Deknepollen, Kråkenes osv. Nevner berre opprusting av Gate 1, at ein kjempa gjennom 100 millionar kroner til ny veg på Raudeberg frå fylket, ny veg til Kråkenes fyr, ein av dei største satsingane i Vestland på breiband, midlar til trafikksikkerheit, nesten 300 millionar frå fylket til Måløy vidaregåande skule som er kjempa inn, støtte og hjelp til naturmøteplass og turnhall i Polljen osv. Det er tallause eksempel.

Og på toppen av dette kjem gode tenester og tilbod som sommaropen SFO, gratistilbod og aktivitetar for ungdom, satsing mot barnefattigdom, bustad til alle i kommunen (ein av dei første i landet med null bustadlause), satsing på aktiv eldreomsorg (Kinn fekk pris som best i landet på aktiv eldreomsorg), psykologtenester osv.

Det eg seier her er alvorleg! Veldig alvorleg!

Stemmer du for ei deling så stemmer du for å svekke tilbodet til dei svakaste, for å svekke tilbodet til dei som ønsker å bygge og utvikle (næringsliv/tilflyttarar osv.), og du stemmer for å utsette ein ny Skram skole i mange år – på grunn av bruk av pengar og ressursar på deling. Ei kommune på over 17.000 innbyggarar har større ressursar, og får dette til raskare, enn ei kommune på 5.300 innbyggarar som skal jobbe med å bygge ein ny heilt ny organisasjon, uansett kor mange kommunar som er mindre i folketal i Norge eller verda for den del.

Måløy vil bli ein av dei aller største taparane på ei deling, med stopp i opprusting av Gate 1, stopp i bustadutvikling (som for eksempel Skramsmarka) og ikkje minst Skram skole.

Raudeberg vil få ein stopp i det ein opplever som den største satsinga på bygda på mange tiår – vegmidlene på 100 milloner frå fylket er avhengig av at kommunen også stiller med pengar. Nye fabrikkar er avhengig av regulering frå planavdelinga for å nemne noko.