Kommunalsjef Helse og velferd i Kinn kommune, Norunn Stavø, svarar her på lesarinnlegget frå Rolf Vallestad Sunde:
«Kunsten å være pårørende»
Det er kjedeleg at pårørande har hatt ei slik oppleving. Kommunen kan ikkje uttale seg om enkeltsaker, men vi vil gå gjennom våre interne rutinar og sjå på kvar vi kan gjere forbetringar.
Kort fortalt så har heimetenesta i Kinn kommune fleire hundre brukarar som har søkt og fått tildelt ulike hjelpetenester. Det er mellom anna helsehjelp, hjelp til eigenomsorg, matombringing, reinhald i eigen bustad, dagtilbod, tryggleiksalarm eller digitalt tilsyn. Vi har gode tenester, og heimetenesta får mykje ros for den service og hjelp som blir gitt. Vi prøver så godt som mogeleg å løyse alle utfordringar som vi møter til beste for brukaren.
Alle brukarar får tildelt ei primærkontakt/koordinator nettopp for at tenestene skal vere koordinerte og gode, og for at den enkelte brukar skal ha få å forhalde seg til. Dei tilsette i heimetenesta er turnusarbeidarar med tredelt vakt. Det fører til at det i løpet av ein dag kan vere fleire ulike helsearbeidarar innom til ein brukar, og at ein også har periodar med fri frå arbeid.
Så kan mistydingar oppstå, men her skal vi gjere vårt beste for at informasjon og kommunikasjon skal vere så god som mogeleg.