Fredag er det eitt år sidan Russland invaderte Ukraina. Sidan den dagen har vi vore vitne til ein brutal angrepskrig frå Putin mot det ukrainske folket. Invasjonen av Ukraina er eit klart brot på Folkeretten, som ifølgje FN har kravd over 18.000 sivile liv i 2022.

Amnesty International omtalar krigen i Ukraina som ei katastrofe for menneskerettane. Den internasjonale menneskerettsorganisasjonen meiner at dei har dokumentert fleire krigsbrotsverk utført av russiske styrkar mot sivile i Ukraina.

Det ukrainske folket står imot overmakta og kjempar for landet sitt med livet som innsats. Kampen ukrainarane kjempar er større enn berre for heimlandet sitt. Ukrainarane kjempar for fred, fridom og demokrati i Europa. Verdiar som vi nesten har tatt som ei sjølvfølge, har det siste året blitt truga av ei aggressiv angrepsmakt. Fred, fridom og demokrati er verdiar som vi no må kjempe for, og her må vi kjempe saman. På tvers av landegrenser, og i kvar ei bygd.

Rundt om i heile Norge skal det vere ulike arrangement og tilstellingar til støtte for Ukraina på fredag. På årsdagen for innovasjonen skal Stortinget heise det ukrainske flagget, og det blir meldt om fakkeltog, konsertar og andre arrangement fleire stader i Norge.

Vi har det siste året fått fleire nye medlemmer i lokalsamfunnet frå Ukraina. Dei nye sambygdingane våre har hatt ,og har framleis det vanskeleg medan krigen herjar i heimlandet deira. Gjennom fleire artiklar i Fjordenes Tidende har vi sett at gode medmenneske har stilt opp for flyktningane frå Ukraina. Det blir berre endå meir viktig når krigen no er eitt år gammal.

Det er viktig å markere årsdagen for invasjonen av Ukraina, og vi vil oppmode om å vise støtte til Ukraina sin kamp for fred. Vi skal ikkje akseptere det overgrepet som det ukrainske folket har blitt utsett for.