Leaiartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 27. oktober.
Det viktigaste er at borna får eit godt læringsmiljø
For ganske nøyaktig to år sidan gjekk folk i Måløy i fakkeltog for å sikre en avklaring i spørsmålet om man skulle bygge en ny ungdomsskule eller rehabilitere den gamle. Engasjement rundt skule er stort. No drøftar politikarane i Vågsøy igjen skulane. Ulike grupperingar har kome med innspel til framtidas skulestruktur. Dei fleste vil ha skule nær der dei bur. Det er tre aktuelle alternativ; fem barneskular som i dag, tre skular eller ein ny storskule. Etter kommunestyrevalet i 2015 hadde partia som samarbeidde og sikra Arbeidarpartiet ordføraren gjort skriftleg avtale om at skulestrukturen i denne perioden ikkje skulle endrast. Seinare har Ap brote denne avtalen, og signalisert at dei vil gå for å legge ned i alle fall Holvik og Bryggja skular. I vår signaliserte Høgre at dei ville vurdere å behalde Bryggja skule i samband med diskusjonen om grensejustering for Bryggja til nye Selje/Eid kommune. Seinare har dei signalisert at dei vil ha tre skular.
Samstundes som Vågsøy-politikarane skal legge framtidas skulestruktur så er Vågsøy på veg inn i nye Kinn kommune. Det synest å vere større vilje til å halde på små skular blant politikarar i Flora enn i Vågsøy. Ja, politikarar i Flora har til og med sagt at det bør vere skular både på Bryggja og i Holvik. I fjor bestemte Flora-politikarane at dei skal ha sju reine barneskular. Mange er spente på kva Vågsøy-politikarane, som vil slå seg saman med Flora, vil bestemme seg for 9. november.
Det viktigaste er eit godt skuletilbod der borna kan lære, vere trygge og legge grunnlag for ei god framtid. Det må lagast ein plan som varer. Politikarar må ha respekt for innbyggjarane og ikkje love meir enn dei kan halde. Og ikkje minst må ein ta vedlikehald på alvor, så ikkje alt som blir investert forfell og ein må gjere nye investeringar i bygg som ikkje blir stelte.