Heldigvis er det slik i 2022 at størrelsen på noko ikkje alltid er avgjerande for suksess. David vinn mot Goliat rett som det er – og godt er det. Men gjeld det og for Kinn kommune? Eg meiner nei. Særleg når det kjem til politisk representasjon er størrelsen på kommunen ein kjem frå svært viktig. Og det å ha ein representant frå eigen kommune valt inn på i ulike fora over kommunenivå utgjer ein enorm skilnad på kva påverknadskraft vi har. Nivåa over oss endrar seg ikkje sjølv om Kinn skulle bli reversert.

Vi kjemper for representasjon i Vestland no, ikkje Sogn og Fjordane, og kan ikkje lenger forvente å få inn nokon frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

I Vestland Fylkeskommune er Kinn kommune i dag representert med politikarar frå både Høgre, Arbeidarpartiet og FrP. 3 representantar frå ein og same kommune! Høgre og FrP sine representantar sit i Samferdselsutvalet, Ap sin representant er leiar i Hovudutvalet for opplæring og kompetanse. Vi har dermed betydeleg og direkte påverkingskraft på to av dei viktigaste fylkeskommunale områda: Veg, offentleg transport og skule. Eg vil påstå at det har vore positivt utslagsgivande for fleire saker for Kinn.

På same måte er størrelsen på eit politisk lokallag avgjerande for kor stor representasjon og påverknadskraft det har regionalt og nasjonalt. Eg har vore politikar i både Flora, Kinn, Sogn og Fjordane og Vestland, og har aldri vore med på at min kommune har hatt større påverknadskraft på fylket, i valnemnder og nasjonalt.

Eg hugsar godt Flora-benken frå tidlegare årsmøte i Sogn og Fjordane Høgre, det kravde betydeleg meir forarbeid å få gjennomslag for ei sak då enn no. Vågsøy-benken var vel knapt nok ein benk.

Eg er rimeleg sikker på at dette innlegget kjem til å få kommentarar som meiner at ein kjem like langt med samarbeid kommunar imellom. Til det vil eg påstå at i denne samanhengen er det er ei sanning med modifikasjonar. Ingenting trumfar størrelsen på kommunen ein kjem frå når det gjeld å forlange representasjon. Ein politisk representant frå Kinn vil alltid har større gjennomslagskraft enn ein politikar frå Flora eller Vågsøy.

Spørsmålet "Kva blir betre om vi reverserer Kinn" har vore stilt frå fleire av mine kollegaer i Kinn Kommunestyre. For meg er svaret at fordelane med Kinn klart er større enn ulempene. Vi er i gang med noko bra, som treng meir tid til å bli enda betre.

For meg er ein kommune er ei bedrift som skal levere gode tenester. Då må vi finne ein konstellasjon som gjer at vi er best mogleg utrusta for det, og som er attraktiv for dei rette folka. Det må ikkje blandast saman med kulturen, den lokale stoltheita, kor vi eigentleg føler at vi er frå og kva slektskap vi føler til dei vi er i same kommune med

– for det er ting som ikkje endrar seg om vi flytter på ei grense på eit kart.