25. juli vart FN sin internasjonale dag for førebygging av drukning markert, og i den forbindelse er det kanskje på tide at vi reflekterer litt over korleis det står til med symjeundervisninga for elevane i Kinn.

Det er mange ting som er, og kan vere viktig for å førebyggje drukning. Her kan nemnast både ansvarleg oppførsel i båt, alkoholkonsum i nærleiken av vatn, fysiske avgrensingar til vatn, livredningskompetanse, ressursar til Redningsselskapet og mykje meir. Men ein ting er viktigare og meir grunnleggande enn alle desse, og det er symjeferdigheiter.

I fjor gjennomførte Apeland ei stor undersøking om nordmenns symjeferdigheiter på oppdrag frå Redningsselskapet og Norges Svømmeforbund. Her kjem det fram at heile 59 % av ungane skulle ynskje at dei var betre til å symje enn dei er, og at majoriteten av foreldra oppgjer at ungane har lært seg å symje av nære relasjonar, ikkje på skulen.

I Norge har vi klare kompetansemål i skulen på ungane sine symjeferdigheiter. Det betyr at vi som foreldre og samfunn skal kunne forvente at skulane sørger for at ungane våre oppfyller desse måla på bestemte årstrinn. Men ein viktig føresetnad for at skulane skal kunne gje opplæringa som skal til for å oppnå kompetansemåla, er at ein har tid, kompetanse og fasilitetar til å gje opplæringa.

For elevane i sør-delen av kommunen så vert symjeopplæringa gjennomført på Havhesten. Her finst det gode fasilitetar som sikrar at elevane kan få den opplæringa som skal til for å oppnå kompetansemåla. Det er mange elevar som skal ha undervisning på Havhesten, og den største utfordringa er eigentleg å ha kapasitet slik at elevane får nok og regelmessig symjeopplæring.

I nord-delen av Kinn er det ingen fasilitetar. Det betyr at elevane i Måløy får ingen regelmessig symjeundervisning, men at undervisninga vert basert på «klasseturar» til Havhesten eller andre stader med ujamne, og svært sjeldne, mellomrom. Dette gjer på ingen måte ein tilfredsstillande symjeopplæring for ungane.

I handsaminga av budsjett- og økonomiplan for Kinn kommune i åra 2022-2025, så ville Senterpartiet, Raudt, MDG og SV ta bygginga av Nordfjordbadet ut av investeringsplanen. Heldigvis sikra Frp, saman med Ap, Venstre, KrF og Høgre at bygginga av symjeanlegget framleis vart verande i planen. Men sjølv ei realisering av Nordfjordbadet i 2025 er for seint. Vi har ungar som har behov for anlegg for å få lært seg grunnleggjande og livreddande symjeferdigheiter allereie no, og dei har ikkje høve til å vente i fleire år på å få eit basseng å lære seg å symje i.

Å realisere Nordfjordbadet er krevjande økonomisk for Kinn kommune. Men vi er så heldige at vi har eit lokalt næringsliv som ser den store verdien Nordfjordbadet har for lokalsamfunnet at dei er villig til å strekkje seg langt i å bidra økonomisk til realiseringa. Både på å gjennomføre investeringa, men og for å sikre drifta økonomisk i åra framover.

Senterpartiet, Raudt, SV og MDG seier at vi «ikkje har råd» til å byggje Nordfjordbadet. Økonomisk har dei absolutt eit poeng i at det vert vanskeleg. Men etter Frp sitt syn har vi ikkje råd til å la vere. Å gjere skulane i stand til å gjennomføre god symjeopplæring, og til å gje ungane gode symjeferdigheiter handlar om å redde liv. La oss håpe at vi aldri må oppleve å miste ein av ungane våre i ei drukningsulykke, og la oss komme i gang med å realisere Nordfjordbadet.