Måtte den beste vinne

16. juni 2022, dagen då Kinn kommunestyre vedtok folkerøysting om framtida til Kinn kommune, bør stå som ein merkedag for lokaldemokratiet på kystane våre.

Mykje av mitt eige engasjement i Kinn-debatten har vore knytt til at folket ikkje har blitt høyrde i ei så avgjerande sak. Eg trur ein må ha innbyggjarane med på laget, anten kommunen heiter Kinn, Vågsøy eller Flora, om ein skal kome nokon veg vidare. Er folket med, er allting greitt. Framtida vår er eit felles ansvar.

For somme er det ubegripeleg at nokon vil dele Kinn medan det motsette er ufatteleg for andre. Vi har alle gjennom liva våre gjort oss ulike erfaringar som har forma oss til dei menneska vi er idag. På same måte har desse erfaringane og tankegodset vi ber på forma standpunkta vi har til Kinn. Vi må respektere ulikskapane, det er faktisk desse som i det store og heile fører ordskifta og samfunnsutviklinga vidare.

Mykje kan seiast om debatten rundt Kinn kommune og eg har stor forståing for at mange har gått leie etter fleire rundar. Eg vel å fokusere på korleis ordskifta har blåst nytt liv i den politiske interessa blant mange av innbyggjararane. Eg trur dette styrkjer lokaldemokratiet på ein måte andre kommunar kan sjå langt etter. God skikk og bruk er viktig i eit velfungerande samfunn. Det same gjeld for samfunnsdebatten.

Så kva skal ein røyste i folkerøystinga om framtida til Kinn kommune?

Eg kjem sjølv til å røyste for deling av Kinn.

Eg har tru på ein kommune der innbyggjarane har dei same naturlege møteplassane og på eit lokaldemokrati der lokalpolitikarar som i det daglege vandrar i dei same gatene som du og eg, tar avgjerdene.

Eg trur innbyggjarane langs kystane våre kan vere einige om mangt. Men diverre trur eg at vi er ueinige om endå meir, når realitetane kjem for ein dag og vi manglar dei felles referansepunkta i kvardagen som ein kommune bør ta utgangspunkt i. Då meiner eg det er betre å samarbeide på tvers av kommunegrensene om dei enkeltsakene der vi har felles interesser, framfor å vere bundne til kvarandre i tjukt og tynt.

Eg stiller spørjeteikn ved at ein skal delta i det som nærast framstår som eit «samanslåingskappløp» der målet er å bli større enn naboane våre i håp om å få mest mogleg påverkningskraft. Skal ein då fortsetje å vekse og stadig finne nye ekteskapspartnarar i takt med at «konkurrentane» kontrar oss?

Og om ein likevel skulle ønskje å inngå ekteskap burde dette i så fall byggje på ein felles plattform i form av allereie eksisterande bu-og arbeidsområde, på lik linje med andre kommunesamanslåingar i det ganske land.

Eg er sjølv innflyttar, med mor frå Vågsøy kommune. Eg flytta til Vågsøy i 2014 med kone og fire barn fordi eg meiner Vågsøy er ein flott plass for ungar å vekse opp i, å leve i og å bli gamal i. Trua på Vågsøy og kysten har eg framleis.

Dersom ein i framtida ønskjer eit felles bu-og arbeidsområde på kysten må ein byrje i riktig ende. Og riktig ende er etter mitt syn ikkje ei eining som Kinn kommune.

Som tilhengjar av kommunedeling ser eg ikkje på meg sjølv som éinspora og bakstreversk, men som framtidsretta og løysingsorientert ovanfor utfordringane vi står framfor. At eg som tilhengjar av deling går baklengs inn i framtida, kan eg ikkje kjenne meg att i. Eg synest det er synd at ein skal setje merkelappar på kvarandre utifrå syn i ei politisk sak, dette gjeld begge sider.

Eg idylliserer ikkje det som har vore og svartmåler heller ikkje Kinn kommune. Dei kommunalt tilsette har gjort ein kjempeinnsats med oppgåvene dei har fått i fanget. Men eg meiner kystane våre med danninga av Kinn kommune har staka ut feil kurs og at det beste er å få skuta til lands og å stake ut ein ny.

Eg vil óg nytte høvet til gi ein honnør til alle som deltek i det offentlege ordskiftet, anten ein er for kommunedeling eller ikkje. Dette gjeld óg alle som trykkjer «like» på saker og innlegg på Facebook. Å stå fram med meiningane sine krev mot. Ein skal ikkje vere redd for å meine noko anna enn naboar, sjefen eller venene sine. I så fall har ytringsfridomen trongare kår enn vi kan vedkjenne oss.

Eg oppmodar alle, uansett ståstad, til å nytte røysteretten sin i dette avgjerande vegvalet. Du får truleg ingen fleire sjansar til å røyste over spørsmålet om å dele eller behalde Kinn.

Sørg for at røysta di blir høyrd, kva no enn ho vil målbere.

Eg ønskjer alle røysteføre i Kinn kommune lukke til i valet om vegen vidare.

Måtte den beste vinne!