Hornelen er eit magisk syn for alle som ser den. For ein fjellklatrar dragast blikket mot den flotte og steile austveggen. Bremangerområdet er unikt med sin spesielle sandstein. Potensialet for klatring er stort, og kvaliteten er svært høg. Hornelen er sjølve juvelen i denne tindeverda.

Det har vorte klatra lite i Bremanger – først og fremst fordi det har vore langt til næraste store klatremiljø. Men klatring som sport er i vekst, og var eiga OL-grein i Tokyo 2020. I Nordfjord har vi fleire klatreklubbar og eit stadig veksande miljø. Vi som bur her veit at vi sit på kanskje landets største ukjente klatreskatt. Våre medlemmar har klatra to ruter opp austveggen av Hornelen, og det er store moglegheiter for meir. Vi jobbar for å spreie ordet om den unike klatringa i Bremanger, og i sommar kjem fleire av landets beste klatrarar til Ålfoten for å måle krefter med sandsteinen.

Noreg har nokon av dei siste villmarksprega fjellområda i Europa. Det er ikkje tilfeldig. Norsk fjellklatretradisjon har hatt sporlaus ferdsel som ein sentral verdi i over 100 år. Difor kan du også i 2022 klatre fjell som Store Skagastølstind, Romsdalshorn og Stetind akkurat som dei var for 150 år sidan. Våre ville fjell dreg klatrarar frå heile verda. Dreg du til alpane kan du avslutte klatreturen din med ein øl i baren på tindens topp før du tek gondolen tilbake til dalen. Her i Noreg er det eventyret og naturopplevinga som dreg.

Difor har utbygging av via ferrata i norske klatrefjell vore svært kontroversielt. Ein via ferrata opp klatrefjellet Andersnatten i Sigdal førte til stor splid mellom initiativtakarane og klatremiljøet. Via ferrata er eit stort inngrep med permanente installasjonar som er langt forbi ei vanleg klatrerute. Den er av ein slik storleik og omfang at den vil prege heile fjellsida den vert installert på.

Vi i Nordfjord Klatreklubb er ikkje generelt imot via ferrata. Vi meiner derimot at ein må tenke seg om før ein set i gong. Vi forstår ønsket om aktivitet og tilbod, og at planane er gjort med gode intensjonar. Likevel kunne vi ønska at initiativtakarane undersøkte korleis dette prosjektet ville passe inn i den norske klatretradisjonen. Både i Loen og på Åndalsnes er traseen plassert i eit område som hverken skil seg ut med særeigne kvalitetar i landskapet, eller er aktuelt for andre klatreruter. Samstundes som ein har konsentrert installasjonane på eit avgrensa område. Skal ein først bygge ut er dette ein god måte å gå fram på.

Vi ser sjølvsagt at vår nystarta klubb er tålelig seint ute med innspel i denne saka, men vi håper likevel å kunne bidra til at ein tenker seg om ein gong til. Å bygge via ferrata opp Hornelen er ein stor tabbe – den mektige austveggen vil aldri bli det same. Spel heller på lag med oss i det veksande klatremiljøet og set Bremanger på kartet med sine unike og berekraftige klatreopplevingar!