Det er blitt desember, og det er tida for tradisjonar. Ein av desse tradisjonane er budsjettprosess i kommunane, og det veit vi kan vere tøffe tak. Ein tradisjon er noko som gjentek seg, og dessverre er ikkje alle tradisjonar like gode og konstruktive. Budsjettprosessen i Kinn ser ut til å ha blitt ein slik type tradisjon.

Brot på samarbeid, avtaler og forhandlingar mellom politiske parti, munnhoggeri og krangling mellom politikarar har blitt ein gjengangar. Det er tøft nok å vere i ein situasjon der ein skal spare inn millionar på drifta og står overfor store investeringar om ein i tillegg kastar bort tida på å skulde på kvarandre og snakke nedlatande til kvarandre. Sjølvsagt gjer Kinn-historikken kommunikasjonen ekstra vanskeleg, men det handlar om å ta ansvar. Kanskje kan alle gå litt i seg sjølv og tenke over korleis ein kan bidra til ein betre prosess framover?

Mykje kan løysast med god kommunikasjon. I det ligg både måten ein snakkar til kvarandre på, og korleis ein som eit politisk parti kommuniserer at ein går ut av forhandlingar eller vil gå nye vegar.

Det er krevjande å vere folkevalt når ein skal gjere vanskelege prioriteringar som får konsekvensar for innbyggarane. Vi har stor respekt for alle som tek på seg politiske verv. Men den respekten kan fort flasse litt av når ein høyrer korleis dei same politikarane oppfører seg i ein så viktig prosess som det er å lande budsjett og økonomiplan.

Alle fortener å bli behandla med respekt, også politikarar som ein er ueinig med. Og også innbyggarane blir behandla med respekt ved at det politiske samarbeidet forbetrar seg framover.

Det er sjølvsagt ikkje berre Kinn kommune som har det vanskeleg i desse dagar. Også Stad kommune og Bremanger kommune skal gjere harde prioriteringar på budsjettet før dei kan ta juleferie. Som folkevald, uavhengig av kommune og parti, har ein eit ansvar for å bidra til ein ryddig og konstruktiv prosess i det politiske arbeidet med å lande eit budsjett. Det fortener både politikarar og innbyggarar.