Folket har sagt sitt, kommunestyret har gjort eit vedtak, og statsforvaltar Liv Signe Navarsete har sendt frå seg tilrådinga til kommunalministeren. Kinn kommune skal leve vidare. Sjølv om kommunalminister Gjelsvik endå ikkje har gjeve sitt endelege svar om framtida til Kinn kommune, er det likevel kome signal om at det ikkje blir noko reversering av Kinn kommune denne gongen.

Nokon er svært skuffa, og nokon er svært letta. Det har vore ein polariserande og hard debatt, og debatten er nok ikkje over. Av og til har debatten tatt fokuset bort frå sjølve saka. Det har til tider vore så gale at debatten om debatten har vore meir i fokus enn det sjølve debatten handla om. Det har hendt at debatten har gått meir på person enn på sak, noko som dessverre har gjort til at kanskje ikkje alle stemmer har tatt til orde.

Men, no er vi her. I skrivande stund veit vi ikkje konklusjonen til statsråden. Stadig fleire meiner at det no er på tide å sjå framover. I det å sjå framover ligg også å kunne legge noko bak seg, men det forstår eg ikkje berre er enkelt.

Fjordenes Tidende er ei lokalavis for eit lokalsamfunn. Noko av det vi dekker er kva tenester som innbyggarane i lokalsamfunnet får frå det offentlege. Det skal vi halde fram med, uansett kva kommune eller fylkeskommune som leverer tenestene til lokalsamfunnet vårt.

I debatten om reversering av Kinn har eg lagt merke til noko som dei fleste i debatten har hatt til felles. Mange har snakka veldig positivt om lokalsamfunnet sitt, og brukt det som eit argument for å gå den eine eller andre vegen.

Lokalsamfunnet lever vidare, uansett kva kommune ein høyrer til, men lokalsamfunnet treng samarbeid og konstruktiv dialog mellom menneske for å utvikle seg vidare. Dei som kan gjere noko med det, er nettopp dei som bur i lokalsamfunnet.