Ein verdig alderdom krev nok folk på jobb

Vi får stadig fleire eldre i dette landet, og vi lever lenger. Derfor vil vi i SV at Stad kommune tek dei rette grepa, for å førebu oss, og kommunen på dette, slik at vi  får ein verdig og god eldreomsorg også i åra som kjem.

I Stad kommune har vi i dag, ifølge statistisk sentralbyrå, 578 personar over 80 år. Om ti år vil vi vere endå fleire, i dag bur det 934 personar som er mellom 70 og 80 år i kommunen. Og vi er 1550 som er mellom 65 og 80 år, og 4579 personar mellom 25 og 64 år. I Stad kommune bur det 9590 innbyggarar, det seier seg sjølv at vi kjem til å trenge mange fleire som jobbar med helsefag.

Ei verdig og anstendig eldreomsorg betyr at vi skal vere sikre på at folk får den hjelpa dei treng, enten det er i eigen heim eller på institusjon. Den viktigaste hjelpa blir gitt av menneske. Vi treng nok folk på jobb i eldreomsorga i Stad kommune, og at dei som jobbar der trivst og ønsker å halde fram.

Det har i mange år vore kjent at vi har hatt for lite helsepersonell til å dekke dagens behov, og at vi har store utfordringar framfor oss dersom vi ønsker å få fleire til å jobbe i offentleg helse og omsorg. For oss i Sosialistisk Venstreparti er det derfor avgjerande at Stad kommune er ein attraktiv kommune å vere tilsett i.

Derfor vil vi jobba for å auke grunnbemanninga, fleire heiltidsstillingar og kompetansehevingstiltak slik at tilsette opplever at dei kan utvikle seg vidare og få den støtta dei treng. Å samarbeide med organisasjonane til dei tilsette ser vi på som ein føresetnad, og vi vil jobbe for å utarbeide turnusar og ordningar som både gir meir effektive tenester og betre arbeidskvardag for dei tilsette.

Viss vi ikkje tek nødvendige grep no, risikerer vi at dei med god råd kjøper seg eigne omsorgstenester. Eit utarma offentleg helsetilbod legg til rette for ei endå meir todelt helseteneste, der konkurransen om kvalifiserte tilsette aukar.

Dei fleste som er utdanna innan helse og omsorg jobbar gjerne i eit offentleg helsevesen – men berre viss det viser seg at der er det anstendige vilkår. Og ei todeling av helsetilbodet vil gå utover dei svakaste, det vil seie dei med dårlegast kjøpekraft.

På stortinget har SV fremja ei rekke forslag for å styrke eldreomsorga, der det aller viktigaste kanskje er fleire milliardar til kommunane slik at alle kommunar får høve til å velje ei god eldreomsorg. Men som lokalpolitikarar har vi ansvar for tilbodet her i Stad kommune.

Derfor vil vi jobbe for at det er attraktivt å jobba i eldreomsorga her hos oss. Slik at det blir godt å verte eldre i Stad kommune. Vi vil jobbe for at omsorgsboligar, eldrebustadar og sjukeheimar som vi allereie har på Nordfjordeid, Bryggja, Selje og Stadlandet blir opprusta og tatt vare på. For det er eit viktig tilbod til dei eldre, det å få bu på ein slik plass i sitt nærmiljø, nær familie og venner.