Etter mange omkampar og utsettingar kan no regjeringa endeleg ein gong for alle sørge for lys i Stad skipstunnel. Vi håpar dei gjer det.

Som kjent låg skipstunnelen inne i Solberg-regjeringa sin Nasjonal transportplan, og arbeidet burde ha vore kome i gang no. Dessverre blei prosjektet utsett endå ein gang, og no ser vi fleire tar til ordet for at dei økonomiske utfordrande tidene bør føre til ytterlegare utsettingar. Det må ikkje skje.

Vi kjem til å sjå kutt i alle parti sine statsbudsjett. Spørsmålet er kva ein prioriterer å kutte. For Høgre sin del kjem vi til å prioritere å bruke pengar på det som skal skape verdiar framover. Samferdsel er ei slik prioritering. I framtida blir fiskeri og havbruk endå viktigare. Då er det å kome seg trygt fram på sjøen heilt avgjerande.

Vi heiar på Stad skipstunnel og håpar på lys i tunnelen i statsbudsjettet.