Dette lesarinnlegget er skrive av Sofie Høgestøl og Alfred Bjørlo, Stortingsrepresentantar for Venstre

Gi 16- og 17-åringane stemmerett!

Venstre vil at alle 16- og 17-åringar skal kunne stemme i lokalvalet i 2023. Det er på tide å la ungdommen få vere med å bestemme i lokalsamfunnet dei bur i.

For barn og unge er det kommunale og fylkeskommunale tilbodet særleg viktig. Ungdom er «storforbrukarar» av skuletilbod, kultur- og idrettstilbod, skulehelseteneste og kollektivtransport. Alt dette blir bestemt av politikarane i kommunestyre og fylkesting – og dei som veljer desse politikarane inn. I dag får ikkje 16- og 17-åringane, som kanskje brukar desse tilboda meir enn dei fleste over 18, lov til det. Ungdom har dermed lite påverknadskraft når politikarane skal avgjere korleis desse tilboda skal vere.

16- og 17-åringar har stemt ved lokalval i Noreg. I 20 kommunar i 2015 vart det gjennomført eit prøveprosjekt. Det førte til at fleire unge vart valde inn i kommunestyra. Ny forsking syner også at det å seinke stemmerettsalderen kan bidra til å auke valdeltakinga på sikt.

Retten til å stemme ved val i Noreg har blitt utvida mange gonger opp gjennom historia. I dag lever folk lenger, og gjennomsnittspersonen som stemmer er eldre enn før. Samtidig veit vi at unge kan vere vel så engasjerte i politikk som vaksne. Dei ti siste åra har vi sett kraftig vekst i unge si politiske deltaking. Faktisk er ungdom no flinkare til å delta i organisasjonar, skrive i avisa og delta i demonstrasjonar enn vaksne. Noreg utmerkar seg også i internasjonale undersøkingar av unge si demokratiforståing. Vi har bruk for desse stemmene – i valurna, i kommunestyret og i det offentlege ordskiftet.

Venstre vil gi ungdom høve til reell påverknad. No er det på høg tid å innføre stemmerett ved lokalval for 16- og 17-åringar. Vi i Venstre har lagt fram forslag om dette i Stortinget – snart får alle andre parti sjanse til å støtte vårt forslag i landets nasjonalforsamling.