Bengt Georén har i eit innlegg sagt at dei folkevalde ikkje bør binde seg til å følgje resultatet i den kommande folkerøystinga. Hovudpoenget hans er at vi har valt politikarar for å ta bestemmelsane. Sjølv om folkerøystingar alltid er rådgjevande så er det nokre spørsmål som er så viktige for folk at nettopp dei folkevalde vil at dette må foreleggast folket. Slik var det med dei to EU-avstemningane vi har hatt. Det var ikkje tema eingong, om folkets råd skulle følgast av dei folkevalde (Stortinget). Når dei folkevalde bed om folkets råd så bør dei sjølvsagt følgje det rådet dei får. Kvifor skal dei elles spørje folket?

Og det må no vere ein tankevekkar for Georen sjølv at han på den eine sida er ganske klar på korleis dei folkevalde skal handle, samstundes som han meinar dei folkevalde ikkje nødvendigvis bør følgje folkemeinginga. Eller skal eit lesarinnlegg frå ein person vege tyngre for dei folkevalde enn resultatet av ei folkerøysting?

I innlegget strekar Georen opp ei rekke ulike mulige utfall basert på ulik valdeltaking. Dette blir nok uansett ein hypotetisk diskusjon akkurat i saka om Kinn. Eg veit ikkje om Georen soknar til noko bestemt parti, men situasjonen slik eg oppfattar den, er  no at eit stort fleirtal av partia i Kinn kommunestyre har sagt at dei vil følgje rådet dei får frå folket. Dette gjeld Sp, Ap, H, R, FrP, MDG og SV. Desse partia har til saman 34 av dei 39 i kommunestyret. Det er berre V og KrF som ikkje står for det same.

Vi i Raudt syns det er veldig positivt at ein så breitt og tverrpolitisk lovar at folkeviljen ikkje skal bli sett til side. Det har skjedd så altfor mange gonger, både lokalt og andre stader. Og det er gjennom slik overkjøring av folket at politikarforakta aukar og valdeltakinga minkar. Eg oppmodar alle, så sterkt eg kan, til å nytte røysteretten og seie meininga si i den føreståande folkerøystinga.