I Kinn kommune bur det ein idrettsutøvar som er plukka ut til å representere Norge i OL. Ja, du las rett. Ein av våre idrettutøvarar er plukka ut til å spele med flagget på brystet under Special Olympics i Berlin i 2023.

Dette er ein stor idrettsprestasjon. Blant handballspelarar i heile landet har Thea Marie Korsvold frå Måløy utmerka seg slik på bana at ho er i troppen som reiser til Tyskland i juni.

I tillegg til ekte speleglede har Thea eit stort talent og ho trener med eit mål om å utvikle seg vidare. Ho er modig, uredd og har ein skot-arm du ikkje har lyst stå i vegen for.

Bør ikkje dette uttaket markerast? Når lokale artistar er med i Idol eller The Voice druknar TV2 i stemmer frå lokalsamfunnet. Lokale kunstnarar blir også tatt godt vare på. Det er ikkje få personar i området som har fått Sildaguten eller Sankt Sunniva-statua eller -måleri i gåve i ulike samanhengar.

Lokalsamfunnet er heiagjengen også i idrettsprestasjonar. Vi liker for eksempel når fotballspelarar blir oppdaga og får spele for større klubbar. Og det blir delt ut både idrettsstipend og kulturstipend.

I Fjordenes Tidende meiner vi at Thea er eitt av idrettstalenta som har markert seg mest i fjor og fortener utan tvil å vere på ei liste over dei beste idrettsprestasjonane i 2022. Når Kinn kommune no skal dele ut kultur- og idrettsstipend for 2023 må Thea vere ein soleklar favoritt.

Korleis kan ein i tillegg markere offentleg at Thea har utmerka seg? Bør det vere ein avskjedsgjeng når ho reiser til og ein velkomstkomité når ho kjem heim frå Berlin i sommar?

Å spele med det norske flagget på brystet er nemleg noko dei fleste av oss aldri vil få oppleve i livet. Vi er svært stolte av at vi har ein landslagsspelar frå Måløy, og vi heiar høglytt på Thea!