Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 3. oktober.

Operaen har vorte eit lim i den langstrakte Nordfjorden

I morgon er det klart for ei skikkeleg kortreist oppleving i fiskerihistoria på kysten når den første førestillinga til Opera Nordfjord «Sildagapet» blir framført. Det handlar om havets sølv og det som skjedde på kysten under dei rike sildeåra på 50-talet. Litt av det stykket handlar om er notbasar, Frelsesarmé-møte, sjalusi, ung kjærleik og snurpedans i Turnhallen. Dette er eit bestillingsverk som er laga spesielt til Opera Nordfjord av stryningen Helge Sunde og Jostein Avdem Fretland frå Lærdal.

Det er litt av eit apparat som er i sving for å få dette til. Fleire hundre frivillige stiller opp på dugnad kvart år. I mange månadar har folk jobba med å lære stemmer, pugge tekstar, sy kostyme, lage kulissar som skal lage den rette ramma rundt førestillinga. På scena står lokale amatørar saman med nokre av dei dyktigaste songsolistane frå fylket. Dette er altså lokalt og kortreist, og ikkje minst handlar det om historia vår. Vi får eit lite innblikk i korleis folk streva og hadde det både i sorg og glede. Sildefisket har vore og er framleis ein viktig verdiskapar i regionen.

Det var mange som rista på hovudet då ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich i 1998 starta Opera Nordfjord. Få hadde tru på at opera ville engasjere. 19 år og like mange førestillingar seinare har dette vorte eit av flaggskipa i kulturlivet i Nordfjord. Distriktsoperaen på Nordfjordeid er eit heilt unikt kulturtiltak som engasjerer heile denne flotte regionen.

Operaen har vorte eit lim i den langstrakte Nordfjorden. Og når dei formidlar historia frå regionen så kan det ikkje bli meir aktuelt. Vi gir ståande applaus allereie før det heile brakar laust i morgon. Det skal vere åtte førestillingar, så dette bør både unge og eldre få med seg. Vi gler oss.