Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 29. mars.

Våren er tida for opprydding og å gjere det fint rundt oss. Det blir rydda i hagar, gater, på gardsbruk og langs vegane. Nokon greier ikkje vente på å få rydde bort vinteren, og satsar på at vi ikkje ser meir til snøen på denne sida av sommaren. Andre tykkjer at det er kanskje litt vel optimistisk.

Sjølv om ein kanskje ikkje likar snøen, kan nok dei fleste vere eining i at snøen har ei positiv side. Snøen legg seg fint over rot og skrot som elles sjenerer og irriterer oss når vi ser det. Rundt om blir det rett og slett lagra mykje skrot. Det kan somme stader hope seg opp, og dette vil nokon kalle visuell forureining. Skrotet kan også forureine miljøet med lekkasjar frå drivstofftankar og batteri.

Bremanger kommune ber folk rydde opp bilvrak, båtvrak, maskiner og anna skrot som står lagra rundt i kommunen, les vi i Fjordenes Tidende. I kommentarfelta høyrer vi at dette er eit problem i alle kommunane i dekningsområdet vårt.

Alle er einige at oppsamla skrot i augesyn vil vi ikkje ha. Det er grunneigar som er ansvarleg for at det blir rydda opp, men det er ikkje alltid at grunneigaren åleine greier å fjerne skrotet. Ikkje alle har økonomiske ressursar til å ta denne oppryddinga. Då er det fint å høyre om gode naboar, som i staden for å berre irritere seg over rotet, stiller opp på dugnad for å få rydda opp.

Vi har alle eit felles ansvar for at det ser fint ut rundt oss, og at vi ikkje forureinar nærmiljøet med vrak og skrot. Vi oppmodar difor alle til å ta eit tak med å rydde opp rundt seg. Om ein ikkje maktar å rydde opp åleine, er det ingen skam å be om hjelp. Når ein ser skrot som burde vore fjerna, er det mest effektive å ta det opp direkte med dei som eig skrotet, kanskje til og med tilby seg å hjelpe til med å rydde opp.