Halvparten av norske studentar opplev at studiestøtta ikkje dekker alle utgifter, og mange må difor ty til andre finansieringskjelder. I ein rapport utført av Norsk studentorganisasjon i 2021 svarar 45 prosent at dei må få hjelp av familie for å få kvardagen til å gå opp, medan 4 prosent svarar at dei må ta opp forbrukslån. Høgre ynskjer at studentane verken skal vere avhengige av familien eller forbrukslån, og ønsker difor å tilby eit frivillig tilleggslån frå Lånekassen til dei studentane som har behov for det.

Det er mykje betre at studentar for moglegheit til eit sikkert, trygt og rimeleg lån i Lånekassen framfor at dei i enkelte periodar må ty til forbrukslån. Studielånet skal du uansett ikkje betale tilbake før du er ferdigstudert og har fått deg fulltidsjobb, og det er i tillegg rentefritt i studieperioden.

Gjennom dei åtte åra under Solberg-regjeringa har studentane fått over 15.000 kroner meir å rutte med. Det har vore ei viktig prioritering for alle dei ikkje-sosialistiske partia. Meir pengar på konto kombinert med historisk mange studentbustadar er eit viktig bidrag til å betre studentane sin økonomi.

Høgre ynskjer å auke studiestøtta ytterlegare, men det er ikkje gjort over eitt statsbudsjett. Difor er det viktig å opne for nye løysingar som moglegheita for å ta ekstra lån for dei som vil, for å sikre studentane si kjøpekraft. Dette er eit tiltak som er mogleg å gjennomføre med ein gong, og som truleg mange vil kunne nytte seg av.

Høgre foreslår å tilby eit frivillig lån på inntil 40.000 kroner, kor det er mogleg å låne eit lågare beløp enn maksbeløpet. Dette lånet vil kome i tillegg til det ordinære studielånet som i dag utgjer 126.357 kroner i lån og stipend i året. Det at studentar har meir lån er ikkje noko nytt. På 1990-talet, då også studiestøtta var høgare, utgjorde stipendandelen berre rett over 10 prosent. I dag har delen stipend auka til 40 prosent, men studentane har likevel dårlegare råd.

Høgre ynskjer å igjen sørge for betre kjøpekraft blant studentane. No har vi moglegheit til å gjere det raskt gjennom eit ekstra frivillig lån – utan at det blir ei kvilepute for å auke den generelle studiestøtta. Høgre håpar regjeringa vil bli med oss på det!