Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 10. oktober:

Også i år vil Fjordenes Tidende sette fokus på lokal handel. Vi vil oppmuntre folk til å støtte lokalt næringsliv. I år som i fjor har vi fått med oss Toyota Nordfjord AS på kampanjen #eghandlarlokalt. Hovudpremien er ein splitter ny bil som vinnaren kan bruke i eitt år. Like før jul vil vi trekke ut ein som har handla lokalt som vinn bilen som han kan bruke i eitt år.

I november får du vite kva butikkar som er med på opplegget, og som dermed står bak denne kampanjen. Det er desse butikkane du må besøke for å vere med i konkurransen.

Det er mange som køyrer lange vegar på shopping. Desse handlar inn store parti og dyre varer. Mange ser ikkje på at det kostar å reise. Er det feil eller manglar ved varene kan det vere dyrt og tungvint å rette det opp. På returen frå slike handleturar så stikk vi gjerne innom nærbutikken for å handle noko småtteri vi har gløymt. Mange er freista av nettbutikkar som er opne heile døgnet, og der varene kjem på døra fleire dagar etter.

Vi håpar kampanjen som vi dreg i gang i november kan få folk til å tenke gjennom kvar dei handlar. Og så må sjølvsagt butikkeigarar og tilsette vere opptekne av å gje handlande god service. Skal desse butikkane ha breitt vareutval og kunne yte god service, så er det viktig at vi handlar der og sikrar ei god omsetning.