Ting tar tid

I Sogespelet på Kinn ved Kinnakyrkja, vel prest og folk ei ny retning. Spelet handlar om eit val rundt år 1537 når reformasjonen vart innført i Norge. 500 år etter kan eg som Luthersk prest få spørsmål om det er Paven i Roma som er min øverste sjef.

Så derfor handlar det om å ha trua på noko, om å sjå framover, om å få ting til å fungere vel og det handlar om å ville.

Felles løysingar

Eg har sete som prosjektleiar for samanslåinga av fellesråda i Flora og Vågsøy. Eg var kyrkjeverje i to år med pandemi og utfordingane ein ny konstellasjon fører med seg fram til januar 2022. No er eg sokneprest i Florø. Eg hadde trua og eg har den framleis. Samanslåinga var krevjande, men lurt. Vi har så mange felles utfordringar som det er smart å vere fleire om. Vi samarbeider om gravplassforvaltinga, kyrkjeblad, økonomi, personalarbeid, administrasjon med meir. Eg må seie at utan Vågsøy så hadde Flora slete desse åra, og omvendt. Når du ringer kyrkjekontoret så kan dei på Florøkontoret svare på spørsmål også som gjeld Vågsøy og Vågsøykontoret kan svare om Flora. Vi er fleire til å kunne hjelpe.

Vi er blitt mindre sårbare.

Organistane kan hjelpe kvarandre med vikartenester. Sjølv har eg hatt lysmesse med konfirmantar i Raudeberg kyrkje når kateketen i Måløy blei sjuk. Fagleg så kan vi nytte kvarandre endå meir. Har kyrkjelydane merka noko negativt på grunn av at vi er blitt samanslåtte? Nei, tvert i mot vil eg seie. Eg er sikker på at vedlikehaldet ved kyrkjene som vi er i ferd med å gjennomføre, ikkje ville ha kome så raskt i gang som det gjorde, takka vere ein handlekraftig fellesrådsleiar frå Vågsøy.

Økonomi

Eit heilt enkelt eksempel på innsparing: Kyrkjekontoret i kvar kommune må ha eit gravplass- og kyrkjeadministrativt dataprogram for å kunne handtere gravplassforvaltninga og kyrkjeforvaltinga på ein forsvarleg og god måte. For lisensane på dei programma betalar vi ca 150 tusen kroner for pr år. Så etter ei oppdeling må vi altså betale dobbelt. Og vi vil vel betale kyrkjeverja ei leiarløn for arbeidet som sakshandsamar, personalansvarleg, bygningsansvarleg, brannansvarleg, gravplassansvarleg osb. No betaler vi ein, om nokre år …. «Økonomien blir ikkje betre» er det sagt. «Det veit vi ingen ting» om seier andre. Å jo da, vi veit inderleg vel at økonomien blir dårlegare. Blir det berre administrasjon igjen av kyrkja til slutt?

Lat oss bygge vel

Om du ikkje vil seie det høgt, fordi det vil bli brukt mot deg, så bruk stemmeretten din til å få Kinn kommune til å halde fram som ein kommune. Ting tar tid. Det er mange ting som ikkje fungerer heilt som det skal. Lat oss få bruke tida vår på å bygge vel, ikkje å rive ned.

Dette er mi personlege meining. Eg veit at det er ulike meiningar om kva ein skal gå for vidare, i råd og utval, i kyrkjebenkane og mellom dei tilsette. Likevel må eg seie det, før det er for seint.