No må kommunestyret ta ansvar

Tenesteleiarane i Kinn kommune rapporterte nyleg at ein opplever det som positivt med større fagmiljø og at samarbeidet fungerer godt. Kommunen blir anerkjent nasjonalt for kvaliteten på fleire av tenestene sine innan blant anna eldreomsorg, SFO, frivillighetssamarbeid og som vertskap for næringsliv for å nemne noko. For det er tenestene det handlar om, det er dei ein kommune skal levere på, og mange av dei er allereie etter to år av svært høg kvalitet. Det betyr ikkje at alt er bra, men at mykje faktisk er veldig bra. Kva då med deling?

Vi ser no fleire utslag av at nokre ikkje ser ut til å bry seg om tenestene i det heile teke. I formannskapet presterer Midtbø (Sp) å sitte i neste formannskapsmøte etter den positive rapporteringa frå tenesteleiarane (om blant anna godt samarbeid og gode fagmiljø) å seie at dei tilsette «ikkje samarbeider så bra» utan å grunngi det noko meir, og så leser vi vidare frå Midtbø i FjT at utgreiinga og informasjonen den gir betyr lite for Midtbø som uansett kjem til å gå for deling.

Egeberg i same parti skriv på FjT si Facebook-side som svar til Nødseth at «det meste» blir betre om ein deler kommunen, noko som i beste fall kan beskrivast som barnsleg.

Departementet svarte (altfor seint) om kor raskt dei må ha svar for at det skal bli ei deling og går i mot anbefalte normer for innbyggarinvolvering og informasjonsarbeid med forslag til ein hasteprosess i eit so stort spørsmål midt i sommarferien. Rådmannen meiner det er urealistisk og uansvarleg. Geir Oldeide (R) tolkar forslaget frå departementet blindt som at det likevel vil vere ein forsvarleg prosess utelukkande fordi det kjem frå eit (senterpartistyrt) departement. Gode prosessar og godt informasjonsarbeid verkar igjen å vere uinteressant.

Vidare les eg denne frå Magnar Aasebø sitt innlegg for underskriftskampanjen for folkeavstemming:

«Alle er godt nok informert om Kinn-saka og det er derfor unødig tidsbruk å gå om en innbyggerhøring og dra ut tiden».

Det er etter mi meining ein utruleg merkeleg ting å seie.

Departementet har ikkje en gong svart på kven som skal betale, ein veit ikkje kva det vil koste eller kva konsekvensar dette vil ha framover for tenestene til innbyggarane, eldre, unge, pleietrengande, dei tilsette eller næringslivet i kommuna. Korleis kan ein då seie at ein veit nok. Skal ein ha ei haldning om å «berre få det gjort» når det potensielt kan gi store konsekvensar for tenestene kommuna skal levere?

Det er som ein ser fleire som no viser at ein skikkeleg prosess og eventuelle negative konsekvensar for tenestene ikkje ser ut til å bety noko som helst, berre ein får delt kommunen gjennom ei dårleg informert folkeavstemming så fort som mogleg.

Har ein tenkt over at dette potensielt kan gjere stor skade for Vågsøy/Flora dei kommande åra, mens andre kommunar utviklar seg rundt oss? Kor mange prosjekt ein jobbar med i Måløy, Raudeberg, Deknepollen, Florø, Eikefjord, øyane, bygdene osv. som kan bli stoppa? Kva kostar dette? Kven betaler? Kva følger får det for tilsette? Korleis skal ein rekruttere? Kva mister ein og kva får ein?

Treng ein ifølge underskriftsaksjonen/Aasebø ikkje informasjon om slike konsekvensar eller er det viktigare å få løyst opp kommunen raskt enn å vite dei faktiske konsekvensane av å gjere det?

Då forstår eg ærleg talt ikkje motivasjonen, kva oppnår ein ved å dele. Kva oppnår ein med ein altfor rask avstemming? Å bevise at ein hadde rett for fire år sidan? Kommunen er etablert og eg meiner det einaste ansvarlege slik situasjonen no er blitt er å sjå framover for å utvikle kysten i staden for å forhaste ein slik prosess etter berre to (!) år som ny kommune. At ein meinte at prosessen for å slå saman Kinn var feil/dårleg nokre år tilbake betyr ikkje at det er smart å no dele og måtte bygge alt på nytt endå ein gong. Det er to forskjellige saker med forskjellige konsekvensar.

Ein seier at ein worst case må vente i fire år til utan å kunne dele seg og at det er heilt uutholdelig, men forskjellen er at ein då brukar fire år på å jobbe med prosjekt, med å utvikle kommunen og tenestene i staden for å igjen måtte etablere nye strukturar, sette ut nye anbod, nye datasystem og rekruttere til nye stillingar. Ein går ikkje tilbake til gamle kommunar, dei må faktisk byggast heilt på nytt og det er ein enorm og krevjande jobb for tilsette som no har vore gjennom kommunesamanslåing og ein verdsomspennande pandemi i fleire år allereie. Det dei fortener er ro og en god sommarferie, ikkje å forberede eit val i august.

Setter ein i gang dette no så stoppar ein alt opp for å bygge to nye kommunar frå scratch. Kva oppnår vi med det?

Eg lurer verkeleg på kor ansvarligheten har reist hen. Kva er det ein driv med?

Alvorleg talt!

Kommunestyrerepresentantane forvaltar tenestene til 17.000 innbyggarar, pleietrengande, barn, eldre og sit og behandlar ei sak med potensielt enorme konsekvensar for innbyggarane der nokre ser ut til å gjere det med det som ser ut til å vere den største lettheit, der ein skikkeleg og informert prosess ikkje er så viktig så lenge ein får ei folkeavstemming så fort som i det heile mogleg.

Det ser hos nokre ikkje ut til å vere eit snev av interesse for å sette seg inn i konsekvensane dette vil ha - ein vil rett og slett berre dele så fort som mogleg så får det gå som det går- det er direkte uansvarleg og skuffande. At dette også kjem frå dei same som heile vegen har kritisert korleis Kinn blei til er berre endå meir paradoksalt.

Eg håper no verkeleg at Høgre og gjerne fleire parti som har vore usikre og ønskt ei folkeavstemming etter ein god prosess, no ser kor uansvarleg dette vart lagt opp av departementet, og viser seg som ansvarlege parti gjennom å stoppe denne prosessen og ta ansvar for utviklinga.

Høgre har vist alle at dei prøvde å få til ei folkeavstemming, men treigheten og prosessen departementet har lagt opp til utan svar om kven som skal betale en gong, har ingen anna interesse enn å dele Kinn så fort som mogleg. Kontrakten med dykkar eigne veljarar var å utvikle kommunen, ikkje utsette den for slik risiko. Slik departementet no foreslår det, vil det verte ein skinnprosess og ikkje ein ryddig og opplyst prosess slik de ønskte i vår. Då må ein berre erkjenne at dette er så uansvarleg med så stor risiko for tenestene og innbyggarane at vi må no må legge ballen død og sjå framover.

Ein tok for nokre få år sidan eit val for å bygge ein ny kystkommune og no er det rett og slett for tidleg å snu.

Ein vil no uansett få ei utgreiing som gir kommunestyret god informasjon til vidare arbeid samt viser eventuelle konsekvensar av ei deling. I Haram anslo BDO delinga til å koste opp mot 70 mill. kroner og stor ressursbruk i organisasjonen. Eg vil ikkje tru det blir noko særleg mindre i Kinn, då bør ein heller bruke pengane og prosjektorganisasjonen ein no har bygd opp til å gi og utvikle gode tenester i byar og bygder og jobbe med svært viktige prosjekt som ny sjukeheim, gymsal, Skram skole og andre viktige og utviklande prosjekt. Prosjekt ein risikerer å måtte skyve mange år ut i tid med om ein heller bruker ressursane på ei deling.

Eg vil komme med ei oppmoding til alle i kommunestyret; denne saka er så stor og viktig at eit slikt hastverksarbeid vil vere ein heilt uansvarleg leik med framtida til innbyggarane. Stopp prosessen, få rapporten/utgreiinga og bruk den heller til utvikling av kommunen og tenestene framover.

Ta ansvar!