Gledeleg med fortløpande opptak i barnehagen!

Raudt er veldig glade for at det vi gikk til val på for litt over tre år sidan no har blitt vedtatt i Kinn kommunestyre. Fortløpande opptak i barnehagen er eit godt og viktig vedtak. Det er positivt for å få barnefamiliar til å bli verande i kommunen og ikkje minst for å få nye barnefamiliar å flytte til Kinn.

Vi meiner det ikkje skal være fødselsmåned som skal avgjere om foreldre må ta ut ubetalt permisjon eller ikkje. At nokon får plass ved 1 års alder, mens andre barn må vente til dei har fylt 1 år og 8 månader er rett å slett urettferdig og rammer som vanlig de med dårlegast råd mest.

Eit nesten einstemmig kommunestyre støtta dette positive tiltaket (bare KrF som røysta mot).

Vi i Raudt vil og nemne Høgre som har vært med å fronta saken over tid.

No må vi berre sørge for at vi i fellesskap finn ei god og langsiktig ordning når saka kjem opp igjen på nyåret. Med eit så klart signal frå breidda i Kinn-politikken trur vi det skal gå bra.