Vi høyrer med jamne mellomrom at vi så å seie er i mål med likestillingsprosjektet, og at kvinnekamp er eit oppkonstruert problem i det norske samfunnet. Det stemmer ikkje. Noreg er nok eit av dei beste landa i verda å vere kvinne i, men utfordringar finst det framleis også her. Og kvar og ein av oss har eit ansvar for å halde fram kampen for kvinner sin rett til likestilling. Samtidig har vi også eit ansvar for å halde fram å dra verdssamfunnet vidare i den same retninga som vi trass alt har gått i her i Norge, sjølv om vi ikkje er i mål.

110.000 menneske har opplevd uønskt seksuell merksemd i arbeidssamanheng. 17 prosent av sysselsette i aldersgruppa 17–24 år har vore utsett for seksuell trakassering på arbeidsplassen. Det dukkar stadig opp nye saker om seksuell trakassering – i politikken, i næringslivet, i idretten, og no sist i Forsvaret. Og så har vi ei arbeidsmiljølov som ikkje eingong omtalar dette som fenomen.

1 av 5 jenter og 1 av 14 gutar har opplevd seksuelle overgrep i barne- og ungdomsåra, og 9 prosent av alle kvinner har opplevd valdtekt minst ein gong i løpet av livet (Reneflot m.fl. 2019). Barn og kvinner vert då gjort til objekt for personar som er i eit maktforhold til dei.

Moralpoliti er heldigvis ikkje ei utfordring i det tradisjonelle norske samfunnet, men i enkelte islamske miljø vert det også i Norge utøvd negativ sosial kontroll over kvinner, der deira rett til å bestemme over eigen kropp vert teken frå dei. I heimlanda deira er det styresmaktene som definerer korleis dei kan kle seg, kven dei kan vise seg saman med, kven dei kan han intime forhold til – og når. Kvinner vert avretta for å gjere val om eigen kropp, i dag, i vårt samfunn.

I eit vestleg land som USA har fleire statar valt å forby abort. Styresmaktene tek kontroll over kvinnekroppen. Og dei straffar kvinner som vil ta desse vala sjølve.

Også prevensjon er forbode i mange land og kulturar – også vestlege. Den katolske kyrkja anerkjenner heller ikkje prevensjon.

Vald mot kvinner og vald i nære relasjonar er eit samfunnsproblem, eit folkehelseproblem, eit likestillingsproblem, og det er alvorleg kriminalitet. Og det kostar samfunnet nær 93 milliardar kroner i året! I kroner og øre er det ein ubegripeleg sum – i liding er det enno vanskelegare å ta inn over seg. Diverre må vi ofte konkretisere ein kostnad for å få merksemd rundt eit problem som først og fremst gjeld enkeltmenneske – men i sum gjeld det heile storsamfunnet.

Kvinner og barn i krig og på flukt er særleg sårbare for å verte seksuelt og økonomisk utnytta. For å bli utsett for seksualisert krigføring. For å bli selde som slavar i traffickinghandel. Desse kvinnene, og også barna deira kjem kanskje hit – då er det vår jobb å vise solidaritet – å i alle fall denne eine dagen i dag stå skulder ved skulder og vise at det betyr noko.

Og så har vi kampen for økonomisk fridom, med heile stillingar og lik lønn for likt arbeid. Det står att mykje for meir lik deltaking i alle deler av politikk og samfunnsliv. Og sikkert mykje meir.

Utfordringane kvinner opplever, og har opplevd gjennom historia er også lik mange av dei utfordringane personar med ein annan kjønnsidentitetar har. Vi skal vise solidaritet med LHBTQ-personar som støtte for den urett som dei vert utsett for på grunn av sin kjønnsidentitet. La våre vinningar verte dykkar – det handlar om retten til fridom på like vilkår.

Kvinnedagen er framleis nødvendig. Den er nødvendig for den enkelte av oss for å sikre at kvinner og menn har dei same rettane og dei same føresetnadene for å leve frie liv. Den er viktig for å kjenne på samhald på tvers av samfunnsgrupper og for å vise denne solidariteten til kvinner som er i ein langt dårlegare posisjon til å slåst for eigne rettar.

Gratulerer med den internasjonale Kvinnedagen – og kjemp vidare!