Som lokallagseiar i Stad Krf kan eg ikkje la denne tabloide overskrifta stå uimotsagt: «Dette partiet får ingen stemmer fra de under 30 år».

Eg vil fyrst takke Fjordenes Tidende for iniativet til å gjennomføre målingar. Ein stor del av våre engasjerte er i den gruppa, deriblant tre på vår liste. Vi er eit parti som står på noverande og komande småbarnsfamiliar, nyetablerte og grunderar si side. Det er noko «alle» veit, eller i alle fall burde vite. Dei er jo i denne aldersgruppa.

Så eg vil berre presisere at dette er ei måling som ikkje stemmer overeins med verkelegheita. Eg sjølv som lokallagseiar og mine vennekretser er eit konkret eksempel på dette.

Eg får litt lyst å sitere Trygve Slagsvold Vedum for to år sidan: "Måling er måling, og val er val".