Om eldretun og ein meir aktiv og trygg alderdom

Eg las ein for meg interessant reportasje i Dagen Næringsliv (DN) 1. oktober. Den handla om eit sosialt eksperiment, Helgetun, som blei starta i 2019, og ligg i utkanten av Bergen.  Det er eit bufellesskap der det bur 37 seniorar fordelte på 31 leiligheiter bygd rundt eit slags tun der det bur menneske frå ulike land i alderen 63 til 84 år. Nokre få av dei er par. 24 er damer og 13 er menn. Over 50 menneske står elles på venteliste for å få plass på dette tunet.

Stikkordet for bufellesskapet er aktiv aldring i eit sosialt fellesskap der dei vil unngå negativ einsemd og følge generelle livsstilsråd. Eit av måla er å leve fem gode år lenger gjennom ein aktiv alderdom. Helgetun er ein del av forskingsprosjektet «Aktiv aldring» som skal finne ut korleis vi kan få fleire friske år og ein betre og tryggare alderdom.

Eit anna mål er å finne ut om denne buforma påverkar bebuarane sin aldring og livskvalitet.

Prognosar gjort av Statistisk Sentralbyrå syner at i løpet av det neste tiåret vil bli fleire som er over 65 år enn barn og unge i Noreg. Talet på personar over 80 år vil auke særleg frå 2025, for då vil dei store fødselstala etter 1945 nå 80-årsalderen. Fram mot 2040 vil åtte prosent av oss vere over 80 år.

Difor er det viktig at samfunnet, især kommunane, førebur seg på dette no, for i 2030 er det for seint, seier professor i geriatri og forskingssjef i Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse, Geir Sælbæk til DN. Vi har inga eldrebølge, men ein jamn straum av eldre som blir over 80 år. og i 2024 vil det vere fleire over 65 enn under 20. Forholdet mellom dei som treng tenester og dei som kan levere dei, vil ikkje gå opp.

Vi får stadig færre sjukeheimsplassar i høve det veksande talet på eldre. Det er ikkje berekraftig seier professor Bettina Husebø ved Senter for alders- og sjukeheimsmedisin, som og leier forskingsprosjektet på Helgetun. Ein sjukeheimsplass kostar rundt 1 million kr. Difor er det lønsamt for samfunnet at vi bur heime så lenge som mogeleg. Men då må vi vere friske nok til det. Svaret kan vere meir vekt på aktiv aldring, trur Husebø.

På Helgetun er det turopplegg, kor, folkedans, trimgruppe, bridgeklubb, lesesirkel, felles måndagsmiddag, hageprosjekt t.d. som det er friviljug å delta i.

I dag har over 100 000 personar i Noreg demens, eit tal som aukar dag for dag. Einsemd triggar depresjon, depresjon triggar demens. Det prosjektet vil finne ut, er om denne buforma og er demensførebyggjande, noko som og vil utsetje trongen for sjukeheimsplass. I dag er det berre om lag ti prosent av oss som døyr heime, sjølv om sytti prosent seier dei ønskjer det.

Det er elles Rieberfonda som har finansiert Helgetun, der husleiga varierer mellom 7790 til 11.685 kr i månaden alt etter storleik på bustaden.

Kan ein slik «landsby» som Helgetun vere ein modell for ein betre alderdom for oss eldre?  Kva gjer kommunane vi bur i med denne utfordringa? Eit berekraftig samfunn er lik eit aldersvennleg samfunn.

Det er i den samanheng vel verdt å merke seg regjeringa si «Bo trygt hjemme-reform», ei reform som elles blei gjennomgått på samling for eldreråd i Bergen i september.