Dette innlegget er skrive av Magni Hjertenes Flyum:

Ja, vi treng 8. mars!

Og heilt sikkert vart eg då ein av våre fremste polikarar kan sitte i beste sendetid på NRK laurdag kveld og seie at det viktigaste valet ei kvinne som ønskjer karriere må ta er kva mann ho giftar seg med.

Laurdag 4. mars kunne vi sjå Anne Lindmo intervjue Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug, og ei av dei viktigaste unge kvinnestemmene, Ulrikke Falck.

Det som kunne blitt eit flott møte mellom nettopp to gode kvinneleg førebilete gav meg ein litt flau smak i munnen. Listhaug var svært opptatt av at ho ikkje er ein del av dei som kallar seg feministar og som framleis peikar på skilnader mellom menn og kvinner. Ho tek svært tydleg avstand frå feministane og plasserer dei på venstresida der dei kan styre på med sitt.

Feministar finn du i alle parti, det er både kvinner og menn. Dei endringane vi har fått med mellom anna barnehagar til alle, fødselspermisjon og fri abort er resultat av demokratiske prosessar der eit fleirtal meiner at dette er viktig for samfunnet. Mange kvinner (og ein del menn) i alle parti har vore med på dette, og det gjer seg framleis ikkje sjølv. Om dei kallar seg feministar eller noko anna er ikkje så viktig.

Dette er dei som arbeider for at jenter og gutar, menn og kvinner, skal ha same mogelegheiter.

Dette er dei som peikar på skilnader og arbeider for å utjamne dei.

Dette er denne delen av kvinnekampen som er grunnen til at nettopp Listhaug velje sjølv og bli mamma i statsrådstolen utan at det vert stilt så mange spørsmål ved det. Eg forstår at statsråden har ein flott mann, men håper at ho har valt han av andre grunnar enn at han er flink til å stille opp i heimen.

Vi treng 8. mars så lenge vi har ein kvinneleg statsråd som treng å distansere seg frå kvinnekamp/ feminisme/ likestilling. Bruk det ordet du vil. Det er same greia.