Stadig fleire slit økonomisk i vårt velstandssamfunn.

Som KrF-politikar har eg skrive fleire lesarinnlegg om at folk slit med å betale rekningane dei får, på grunn av høge straumprisar, drivstoff og ei stor prisstigning dei siste åra. Når regjeringa må svare på kvifor det er slik får vi stadig same svaret. Det er krigen i Ukraina, høgare rente, pandemien vi har vore gjennom og at vi lever i ei uroleg tid. Alt dette forstår vi, men det er vanskeleg å forstå at regjeringa ikkje kan gjere noko for dei som ikkje maktar å betale rekningane dei får.

Staten har store inntekter på straum, olje og gass. Minst 30–40 milliardar meir enn budsjettert viste tala frå i fjor haust. Vi har aldri selt og eksportert så mykje som vi gjorde for nokre dagar sidan. Skulle tru at litt av dette overskottet kunne brukast til å hjelpe folk som trenge litt ekstra, men det er inflasjonsdrivande. Dette er vanskeleg å forstå men dei som kan dette har sikkert rett.

Det vart hausten 2022 vedteke eit stramt statsbudsjett som går utover drifta på sjukehusa, eldreomsorga, næringsliv, kultur aktivitetar m.m. Dette skaper ei usikker framtid som gjer det vanskeleg å planlegge framover. Det er skremmande at flotte arbeidsplassar, som skaper liv og optimisme i bygdene våre blir lagde ned, dette kunne vi ha unngått med ein fast pris på straum.

Eg las i ei avis for nokre dagar sidan at prisauken spring frå trygdesatsane. Nesten alle i Norge har fått dårlegare råd i 2022 grunna auka matprisar, og så kjem straum og drivstoff i tillegg.

Ein rapport frå Forbruksforskningsinstitutt SIFO viser at 5 % av Norges befolkning oppheld seg i alvorlege økonomiske vanskar, og mange fleire slit. Desse tala har dobla seg frå i fjor, viser tal frå Frelsesarmeen.

Når ein er oppteken av enkeltmenneske og den enkelte arbeidsplass er det vanskeleg å sjå på ei slik utvikling utan å engasjere seg i media. Nye arbeidsplassar kjem enkelte stader men vi må ta vare på dei vi har òg. Regjeringa er flink til å svare med at ting må utgreiast, når dei er med på debattprogram. Det er få som har kome med forslag på kortsiktige tiltak og gode ord som kan skape optimisme. No har vi ikkje tid til utgreiing meir, no må det handling til.

KrF ynskjer eit levande samfunn av næringsliv og arbeidsplassar der kulturen og enkeltmenneske kan leve og utvikle seg.

Trur mottoet for den regjeringa vi har var å ta heile landet i bruk, kanskje det er eit stykke igjen før det skjer?