På HEF-konferansen på Skei 18. mars innleia Marit Varpe Kaasen om dette emnet der både politikarar og gravferdsbyrå var til stades. Eg vil på bakgrunn av det fleirårlege arbeidet for å få på plass livssynsopne seremonilokale til dømes i Bremanger kommune, bruke delar av bodskapen i hennar innleiing, då mykje enno står att å gjere for å få dette til på ein verdig måte her i fylket og. Difor må dette no komme på den politiske dagsorden.

Livet har mange fasar: barn, ungdom, vaksen, eldre.

I alle religionar/trussamfunn har desse overgangane vorte markerte gjennom uminnelege tider,- dåp/namnefest, konfirmasjon, vigsel, gravferd.

Alle desse seremoniane deler ein med slekt, venner og kjende og krev at ein har eigna lokale til å gjennomføre dei. Eit slikt lokale må ta i vare ei stemning som understrekar seremonien sin eigenart og verdigheit.

Av desse er det nok gravferd som i særskild grad utfordrar ein familie om ein ikkje er med i den Den norske kyrkja.

Tradisjonelt er det kyrkjebygget som er tilgjengeleg rundt om i landet vårt. Men i eit meir og meir sekulært samfunn og med ei befolkning som har røter frå mange nasjonar og religionar, kjennest dette problematisk for stadig fleire.

Alle ønskjer ei vakker og verdig markering ved livets slutt. For oss i Human-Etisk Forbund er det viktig at den avdøde sine ønske og dei humanistiske verdiane står i sentrum.

Livssynsopne eller livssynsnøytrale seremonirom finn vi svært få av, i alle fall utanom dei store byane. Ei undersøking i fleire kommunar og fylke syner at det ein stort sett vert tilbydd er kyrkjestover, gymsalar, idrettshallar, ungdomshus og kinosalar. På nokre større stader kan ein nytte salar i kulturhus, og desse kan fungere godt.

Anten eit dødsfall kjem brått eller ikkje, er alle involverte i ei svært sårbar fase der overskot til å organisere ikkje er optimalt. Kaasen fortalde om det å miste ein son på vel 16 år. Ho la vekt på at ho var heldig som hadde eit stort nettverk av gode kollegaer som rigga og pynta gymsalen

på skulen der seremonien vart halden. Noko anna seremonilokale fanst ikkje for hennar familie i Naustdal.

Det som i alle fall er sikkert, er at pårørande i ein slik situasjon er avhengige av å ha ei ordning som gjer denne tida og desse oppgåvene overkommelege.

At Noreg skal vere eit livssynsope samfunn, nærmar seg no ei sanning etter NOUen «Det livssynsopne samfunn» og etter at vi i 2021 fekk ei ny «Trus,- og livssynssamfunnslov». Dette omgrepet vert gjenteke i politiske feiringar, debattar og grunngjevingar. Men kva inneber det at Noreg skal vere eit livssynsope samfunn og kva følgjer må dette no få?

Å sikre reell trusfridom er ei sentral oppgåve for både stat og kommune. Gravferdslova §1 slår fast at gravlegging skal skje med respekt for avdøde sin religion eller livssyn.

Gravferdslova vart endra med verknad frå 01.01.21. Kommunen kan frå denne datoen ta over forvaltninga av gravplassar. Gravplassforvaltninga omfattar praktisk og juridisk administrasjon og drift av gravplassar (tidlegare kalla kyrkjegardar), felles seremonirom, kapell og krematorium. Omgrepet Kyrkjeleg fellesråd er no ute av lovteksten.

På bakgrunn i at ein tredel av befolkninga ønskjer ei ikkje-kyrkjeleg gravferd, er det då rimeleg at eitt trussamfunn framleis skal ha einerett på å gjere slike viktige oppgåver på vegner av oss alle? Det er kommunen som betaler for gravplassforvaltninga, og det vil ikkje koste noko ekstra for kommunen å overta dette ansvaret.

I fleire kommunar går debatten om bruk/utviding av gravplassar. Dette vil gjerne føre til nedbygging av landbruksareal. Diskusjonen om fleire krematorium på Vestlandet er no aktuell då det er få krematorium og lange avstandar og ventelister. Minnelundar er lite brukt i dag, men trongen for slike vil kunne auke i tida framover.

Bruk av kyrkjerommet er gratis, medan andre lokale har til dels høg kostnad. Korleis vert dette kompensert av kommunen som ein lekk i likehandsaming av innbyggarane?

Ein inkluderande og mangfaldig kommune treng verdige lokale til alle – uavhengig av livssyn. Ved å tilby livssynsopne seremonirom tek ein ikkje bort noko, men kjem i møte ei meir mangfaldig befolkning.

Eit slikt seremonirom er i praksis eit lokale utan fastmonterte religiøse symbol og er heller ikkje ein del av eit kyrkjebygg. Nøytral utforming av

faste element kombinert med mobile symbol gjev bygninga fleksibilitet til å vere eit seremonirom for alle.

Arbeidet med å etablere gode livssynsopne seremonirom må no prioriterast av kommunane. Dette må opp på den politiske agendaen i samband med kommunevalet og partiprogramarbeidet i år. Det er på høg tid at denne saka kjem på dagsorden.