Om resultatet av folkerøystinga i Kinn

Vidar Grønnevik verkar til å vere overraska og kritisk til Raudt sitt standpunkt i debatten rundt folkeavstemminga om framtida til Kinn kommune. Det verkar som Grønnevik meiner at sidan vi no er ein kommune, så må det vere fleirtalet i ein samla kommune som skal vere avgjerande for kva politikarane skal meine.

Eg er sjølv ihuga Kinn-tilhengar, men i dette tilfelle er eg faktisk heilt samd med Oldeide; uroa er fronta frå gamle Vågsøy, og då må resultatet frå folket der vere avgjerande. På same måten sa Oldeide og at dersom gamle Vågsøy stemde ja mens gamle Flora stemde nei, så ville Raudt akseptere det resultatet og. Så kan ein seie at sidan Raudt er mot Kinn, så vil dei sjøvlsagt akseptere at gamle Flora stemmer nei, men eg vil ikkje tillegge Oldeide vikarierande argument i denne saka.

Samanlikninga som Oldeide hadde med Flora vs Sunnfjord var slik at alle - inklusive Grønnevik må forstå dette. Eg vil tru at dersom dette ikkje vert lagt til grunn for alle politiske parti sine haldningar, så kan vi risikere ei politikarforakt utan sidestykke. Eg respekterer likevel KrF sitt standpunkt, som heile tida har vore mot folkerøysting og meiner at ordinære val skal avgjere slike saker. Men når kommunestyret vedtok å gjennomføre ei folkerøysting, så har dei etter mi meining ikkje noko val; einaste sjansen for at Kinn no skal halde fram er at begge dei to gamle kommunane stemmer ja.

Sjølv om vi no faktisk er ein felles kommune der administrasjonen jobbar like hardt for alle delar av kommunen, så er dette ei problemstilling som vart med inn i ekteskapet og som då må løysast med utgangspunkt i dei to opphavlege kommunane.

Når det er sagt, så synest eg det er trist at så mange framleis tenkjer "oss og dei", og ikkje klarar å sjå at vi er sterkare saman. Personleg er eg storbrukar av tenester frå byggesaksavdelinga, og der sit for tida leiaren i Måløy. Det har inga praktisk betydning for det arbeidet eg skal utføre for mine kundar både i Måløy og Florø (og andre stader). Det viktigaste for meg er at byggesaksavdelinga har den faglege tyngda og profesjonaliteten som skal til for at mine saker vert handsama korrekt ut frå gjeldande regelverk - og det har dei. Byggesaksavdelinga i Kinn kommune har høg grad av profesjonalitet og fagleg integritet, og eg håpar det vil fortsette slik.

Eg er bekymra for at i ein eventuell delingsprosess vil mykje av dei ressursane som i utgangspunktet skal nyttast til å handtere byggesaker gå med til omstrukturering og omorganisering av avdelinga, og det vil gå utover meg og mine kundar.

Når det gjeld grunntanken bak Kinn - å skape ei slagkraftig motvekt på kysten - må alle vere klar over at dette er den anledninga vi får. Om dette prosjektet no ryk, så er vi tilbake til den situasjonen som har ergra oss i alle år; at midtre og indre delar av gamle Sogn og Fjordane veks på bekostning av kysten. Og vi har vist for all verda at kysten ikkje er i stand til å samarbeide.

Både Måløy og Florø har mista mange statlege arbeidsplassar som er blitt flytta innover i fylket, i ekte omvendt Robin Hood-stil; ta frå dei fattige og gi til dei rike! Og til dei som hevdar at regionen vår her på kysten ikkje har noko til felles å einast om, så vil eg bruke det kjende uttrykket til vår påtroppande Statsforvaltar; "Dei veit ikkje kva dei snakkar om!"