Slutt med tallmagi!

Trist å sjå korleis ellers oppegåande folk no etter folkerøystinga prøver å få tala frå folkerøystinga til å vise noko anna enn det er grunnlag for.

På grunn av den svært store prosenten førehandsrøyster så er det ikkje mogeleg å dra konklusjonar om korleis stemninga i folket er i dei ulike krinsane. F. eks var 73,75% av røystene i Vågsøy avgitt på førehand. Førehandsrøystene vart ikkje talde krinsvis slik at alle førehandsrøyster i Flora-delen vart slått saman og alle i Vågsøy-delen vart slått saman. Difor er det sjølvsagt slik at for eksempel dei fleste av førehandsrøystene i Vågsøy kjem frå Måløy-krinsen. Å dra slutningar om Måløy eller Raudeberg bygd på dei veldig få stemmene som kom inn på sjølve valdagen er grovt misvisande.

Det er også ei fullstendig avsporing av debatten når einskilde begynner å snakke om Eikefjorden som eiga kommune.

Dei sikre konklusjonane vi kan dra frå denne folkerøystinga er:

1. Det var god valdeltaking og spesielt var den høg i Vågsøy-delen, 65,61% mot Flora sine 47,25%.

2. Det var eit fleirtal på 57,7% i Vågsøy-delen som vil dele Kinn. 40,4% vil halde på Kinn

3. Det var eit fleirtal på 54,92% som vil halde på Kinn i Flora-delen. 42,7% vil dele opp Kinn

4. Til saman gjev det eit resultat der 48,52% vil dele og 49,14% vil halde på Kinn.

Det er difor eit utvilsomt faktum at det er på grunn av at Flora delen har mange fleire stemmer at dei bikkar dette resultatet i favør av å halde på Kinn. Altså den mykje omsnakka «kjøtvekta».

Så er det, i alle fall for min eigen del, interessant å sjå korleis dette har endra seg frå stemninga hos innbyggarane før samanslåinga. Rett nok var det då ei telefon-utspørjing som vart brukt både i Flora og Vågsøy til å høyre folket, og ikkje ei folkerøysting. Då viste tala følgande:

1. I Vågsøy var 55% mot Kinn. 31% ville ha Kinn.

2. I Flora ville 65% ha Kinn. 19% var mot samanslåinga.

Som ein ser så er motstanden mot Kinn fortsatt minst like høg i Vågsøy. Det er i Flora-delen den markante endringa har skjedd. Der har oppslutnaden om Kinn gått ned frå 65% til ca 55%. Og endå meir iaugefallande er det at motstanden mot Kinn har auka frå 19% til 42,7%.