Nyvald SV-leiar Kirsti Bergstø valde i helga å gå til verbalt angrep på Kjell Inge Røkke, og skulde han for å ha rana kysten, for så å stikke av. Om Bergstø verkeleg ynskjer å sjå korleis kysten vert rana, så er det ei god byrjing å sjå seg sjølv i spegelen.

Det siste året har SV saman med regjeringa pålagt auka formuesskatt på familieeigde oppdrettarar, dei har innført grunnrente på havbruk, dei har tappa kraftselskap og kraftkommunar til fordel for finansdepartementet, dei har vist liten vilje til å gje straumstøtte til næringslivet trass i at staten har henta inn større inntekter på energiproduksjon enn nokon gong før. Og dei avlyste ikkje minst den 26. konsesjonsrunden på norsk sokkel, som får store konsekvensar for heile leverandørindustrien langs kysten.

Summen av dette veit vi. Titals av milliardar i viktige investeringar er sett på vent eller avlyst, gründarar og eigarar av viktige hjørnesteinsbedrifter er blitt drivne ut av landet, arbeidsplassar vert nedlagt, og privateigde bedrifter går konkurs. Det som har skapt kysten, verdiskapinga og lokalsamfunna, den private kapitalen og lokale gründerviljen, har regjeringa og SV bestemt seg for å gå til angrep på. Dei skal «tas» er omgrepet SV sine nære politiske allierte i LO nyttar.

Dette er ikkje lenger retorikk eller politisk usemje mellom fløyer i politikken, det er faktisk ein kamp for å i det heile tatt overleve for mange bedrifter, arbeidsplassar og lokalsamfunn. Vi opplever no ein gigantisk sentralisering av verdiskaping, kapital og makt frå kysten til det sentrale austlandsområdet. Dei viktigaste næringane og samfunna langs kysten vert tappa for privat kapital, formue og investeringsevne, samstundes som auken i bustadprisane på det sentrale austlandsområdet fører til at byråkratane i finansdepartementet aukar formuane sine. I tillegg vert store delar av verdiskapinga og overskotet frå kysten drege inn til hovudstaden for å heller forvaltast der.

Og når Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vel å «konfiskere» verdiane langs kysten, så skulle ein jo tru at det ville komme kysten til gode i form av meir offentlege investeringar og satsingar. Men nei. Regjeringa varslar at dei no skal kutte i samferdsleløyvingane i åra framover, noko som truleg betyr at fleire viktige samferdsleprosjekt langs kysten vert nedprioritert på kostnad av vegar og togliner på det sentrale austlandsområdet. SV foreslo allereie i haust å kutte løyvinga til bygginga av Stad skipstunnel, eit prosjekt som vil vere svært viktig for å auke verdiskapinga og den miljøvenlege transporten langs kysten. Dei nokre og hundre millionane som regjeringspartia og SV nyttar til å gje billegare ferje og flytilbod i distrikta, er berre eit musepiss i havet i forhold til dei titals milliardane i tapte investeringar i næringsliv og arbeidsplassar langs kysten, som dei har forårsaka.

Realiteten er at det er desse «rikingane» som Bergstø ber «ryke og reise» som er dei verkelege heltane i denne historia. Det er desse entreprenørane og samfunnsbyggarane som vel å forlate fedrelandet og lokalsamfunna sine, for å sleppe å tappe bedriftene og legge ned arbeidsplassar. Det er desse gründerane som tar belastninga for å ha nok kapital igjen i lokalsamfunna til å investere i dei nye næringar, innovasjonar og det grøne skiftet. Og det er desse heltane som står i front for å bevare verdiskapinga, folketalet og lokalsamfunna på kysten, dessverre ikkje Bergstø og SV.