Til Statsforvaltaren i Vestland

Eid, Stadlandet og Selje pensjonistlag er svært bekymra over konsekvensane for dei eldre og andre i Stad kommune når det gjeld budsjettet og økonomiplana som vart vedtekne på siste kommunestyremøte i Stad kommune før jul 2022.

I følgje det vedtekne budsjettet skal kommunen spare inn over 14 millionar i 2023, noko som betyr at det må kuttast fleire stillingar innanfor helse- og omsorgssektoren.

Etter pensjonistlaga si meining vil dette føre til dramastisk reduksjon av tenestetilbodet til dei eldre, funksjonshemma og andre trengande i kommunen, og vi er redde for konsekvensane av så stor innsparing. Økonomiplanen tilseier også store innsparingar i dei kommande åra.

Pensjonistlaga er svært glade for at Stad Eldreråd samrøystes har oppmoda kommunedirektøren i Stad kommune om å oversende bekymringsmelding til Statsforvaltaren om dei vedtekne innsparingane. Pensjonistlaga støttar Stad Eldreråd si oppmoding fullt ut.

Pensjonistlaga i Stad kommune har registrert at på tross av avhalde møte i hovudutvalet for helse og omsorg etter møtet i Stad Eldreråd, og møtet i Stad formannskap, har ingen av politikarane som deltok i desse møta teke bekymringsmeldinga frå Stad Eldreråd opp i det heile. Vi trur at dette er beviset for at kommunepolitikarane i Stad kommune ikkje heilt skjønar kva dramatiske konsekvensar det vedtekne budsjettet og økonomiplanen får for svært mange i kommunen.

Pensjonistlaga i Eid, Stadlandet og Selje vil derfor be Statsforvaltaren følgje oppmodinga frå Stad Eldreråd om å sjå nærare på konsekvensane av det vedtekne budsjettet og økonomiplanen for Stad kommune.