Dette innlegget er skrive av Jostein Eimhjellen frå Svelgen.

Ein Flora–Vågsøy  kommune presterer til ny norsk «grenselaus» rekord

Når det gjeld «grenselaus» samanslåing er ein eventuell Flora–Vågsøy kommune unik i norgessamanheng. Ein kan ikkje samanlikne dette med Selje og Eid. Mellom Flora og Vågsøy har vi to fjordar og Bremanger som ein heil kommune i mellom. Det finst ingen andre kommunestyre i Norges land som  frivillig har prestert å  tenkt ut noko meir «spektakulært» når det gjeld samanslåing. Er målet å lage ny norsk rekord, eller er målet å kunne levere eit betre tilbod til innbyggjarane?

Selje og Eid er første kommune i landet der ein har gjort lokale vedtak om samanslåing utan felles grense. Flora og Vågsøy blir ved lokale vedtak kommune nr. to på landsbasis.

I Bremanger har vi skriftleg brev frå Sanner om at vi får stå åleine. Det er heller ingen krav om tvang for samanslåing for Vågsøy sin del. Om Flora og Vågsøy sine kommunestyre gjev fleirtal for Kinn kommune, så skal også Fylkesmannen måtte forandre si  tilråding til regjeringa, og Stortinget må godkjenne dette. Her må Stortinget ta stilling til om ein Flora–Vågsøy kommune er i samsvar med intensjonen bak kommunereforma. Sidan det ikkje skal nyttast tvang mot Bremanger  så må ein her vurdere Flora og Vågsøy på eige grunnlag åleine.

Vi kan alle sjå at ein eventuell  Flora-Vågsøy kommune utan ein felles bu- og arbeidsmarknad ikkje er i samsvar med visjonen med kommunereforma. Vi kan alle forstå at Fylkesmannen ikkje har tilrådd ei slik samanslåing i si første innstilling til regjeringa. Vi kan heller ikkje tru at vi har ein ferdig Kystveg på 20 år. Vil verkeleg  departementet  godkjenne  eit slikt underleg kommunekart, som då vi skape presedens for andre samanslåingar i Norge?

Kvifor vil så enkelte politikarar i Flora og Vågsøy dette?

For Vågsøy sin del er det ikkje vanskeleg å sjå at dei har meir att for å spele på lag med Eid og Selje .

Det er nettopp dette innbyggjarane i Vågsøy vil gjere.  Innbyggjarane vil leve i ein felles bu- og arbeidsmarknad med Selje og Eid, medan kommuneleiinga og lokalpolitikarane  skal tenke 60 prosent mot Flora. Dette blir underleg, og sjølvsagt fullstendig feil, og det gjev heller ingen stordriftsfordelar. Skal Vågsøy til dømes avvikle legevaktordning med Selje og Eid til fordel for ny ordning mot Flora? Kva med vekstselskap og andre naturlege offentlege samarbeid med Selje og Eid? Vil innbyggjarane i Vågsøy  få betre tenester i Kinn kommune ?

Kva med alle planer og draumar for investeringar og utvikling  i Vågsøy og Måløy? Når det har gått nokre  år, så er alle lovnader gløymde, då er det kjøttvekta som tel. Her vil innbyggjarane sine utviklingsplaner for heimstaden sin vere avhengig av eit politisk fleirtal i Kinn kommune der Vågsøy ligger i endestasjonen  langt frå Florø.

Eg vil i denne samanheng framheve noko som tildegare banksjef  Arvid Andenes i SSF utalte i media i samband med nedlegging av Fjord1 sitt hovudkontor i Flora .

«Der eigerskapet og kapitalen sit, der vil leiinga sitje, der vil makta sitje , der vil utviklinga skje!»

Så enkelt og så brutalt er det. Nettopp derfor er lokalt eigarskap og styring så viktig.

Kjære politikarar i Flora og Vågsøy: Sjå fornuft her. Lat oss utvikle kysten og kjempe mot staten si sentralisering.  Lat oss ta distriktsoppgjeret. Lat oss sjå verknaden når Senterpartiet og Arbeiderpartiet kjem i regjering til hausten.

Men lokalt lat oss alle få arbeide med det som er våre hjarte nærmast. Lat oss behalde lokal styring og lokalt engasjement blant lokalbefolkning for utvikling av våre heimstader. Lat oss samarbeide gjennom ulike aksjeselskap i lag med næringslivet for til dømes utvikling av havbruk og sjørommet.

Lat Florø og Måløy få være to kystbyar der vi kan ha ekstra fokus på utvikling. Då treng vi lokalt eigarskap og styring, og vi går framover. Går det bra i  Vågsøy og Selje/Eid og Flora, så er dette bra for kysten og også Bremanger. I Svelgen og Bremanger går det framover no med lokal styring. Dette gjev meg framtidstru.

Vår kvardag er ikkje ein parodi på  «Game of thrones»  der vi treng flest mogleg krigarar , eller har rett til erobre Bremanger. Vi kan heller ikkje måtte slå oss saman for å få folketalsmakt mot vår eiga regjering, i vårt eige land. eller fordi vi trur att om vi gjer som  «diktator Sanner" har sagt så vil han sende oss presangar i form av nokre  tvangsflytta oslokontor til kysten.

Kor langt ned på kne skal vi gå? Er det ikkje på tide vi fokuserer på den reelle kjernen til problemet her? Er det ikkje val til hausten?

Vi er på kysten alle saman og vi er alle i same båt. Lat oss oppføre oss og følgje enkelte spelereglar og normar i politikken. Dette gjeld også for enkelte folkevalde i Bremanger, som har nytta sin posisjon for å fronte sit eige syn, som ikkje er i samsvar med kommunestyrevedtak.

No er situasjonen blitt  slik at det ser ut til at det er politikarane i Vågsøy som må ta ansvar. Her må truleg lokalbefolkninga på banen og fortelje si meining, for nokon kan ha kjørt seg fast i denne prosessen.

Om kvardagen kan vere tøff, og ein føler en står på kanten av stupet, så er det ikkje særleg framtidsretta  å ta eit « langt steg framover». Då bør ein vurdere å endre kurs.

Finst det ein annan veg å gå?