Svar til Gunnar Silden

Det er bra at du har lese innlegget mitt, Gunnar Silden, og svarar på det.

Kanskje kan det bli ein debatt? Motstandarane av tunnelen er svært så stille i media. Det er, med ditt eige uttrykk, tilhengarane som ropar hurra heile tida. Kanskje er det fleire av oss skeptiske enn ein skulle tru?

Men når du skriv i svaret ditt at eg kjem med "mange udokumenterte påstandar", tar du nok feil. I innlegget mitt brukte eg faktaopplysningar frå tunnelplanane og samanlikna dei med andre store prosjekt. Då får vi sett desse planane i eit anna perspektiv.

Vidare refererte eg frå dei mange utgreiingane som Kystverket har stått for. Desse utgreiingane kan du sjølv lese. Då trur eg du vil sjå at det eg skreiv, stemmer bra med Kystverket sine utgreiingar, og dei er ganske eintydige.

Eg viste også til Hurtigruta sin uttale om Stad skipstunnel. Uttalen er sjølvsagt meir omfattande enn den korte oppsummeringa eg kom med i mitt innlegg. Også denne uttalen kan du lett finne fram til. Det kan også nemnast her at Hurtigruta la ned "forbod" mot å bruke hurtigruteskipa i promoteringa av Stad skipstunnel.

Til slutt nemner eg tilbakemelding frå svært kompetent hald som fullt ut støttar det eg skreiv i mitt innlegg.