Lakseskattesjokket Ap/Sp-regjeringa gav havbruksnæringa i fjor haust var starten på eit kystopprør. Forslaget om ein ny ekstra skatt med tilbakeverkande kraft på ei av dei viktigaste kystnæringane våre, skapte uro og opprør i kystsamfunn frå sør til nord, investeringstopp for over 45 mrd kroner og tap av arbeidsplassar.

Havbruksnæringa i Sogn og Fjordane og Kinn kommune – store som små – har òg reagert negativt, og har frykta for framtida og lagt investeringsplaner på is.

I motsetnad til langt over 50 sterkt bekymra Ap og Sp-ordførarar langs heile kysten, var likevel ordførar Ola Teigen i Kinn kommune fornøgd. Som han sa til VG i september: «Regjeringen må ha inn penger og så lenger de tar fra dem med største inntekter og skjermer de mindre, er jeg positiv.»

Tida etter september har vist at regjeringa sin skattepolitikk rammar heile oppdrettsnæringa og den tilhøyrande leverandørindustrien, store som små. Auka skattar på lokalt eigarskap, ekstra produksjonsavgift, forventa sterk kostnadsauke i verdikjeda før og etter sjøfasen, uro og større risiko med å stå utanfor større system er tilbakemeldingar vi har fått frå dei små oppdrettarane, inkludert oppdrettarar i vår region.

Tysdag denne veka kom så regjeringa sitt endelege forslag. Vi var begge på Sjømat Norge sine årskonferanse i Bergen, og fekk høyre reaksjonane frå havbruksnæringa. Dommen var eintydig og klar, også frå mindre oppdrettarar i regionen vår. Hovudprinsippa i lakseskatten står ved lag, det er  rett nok kome nokre forbetringar, men dei sterkt negative sidene lakseskatt-forslaget har er ikkje endra – ikkje minst at skatten kjem på toppen av alle andre skattar og ikkje i ein ny heilskap. Det gjeld både skattenivået og sjølve skatteordninga.

Ordførar Ola Teigen er derimot no om mulig endå meir nøgd med skatteforslaget. Han synest heilt fråkopla det havbruksnæringa i hans eigen kommune meiner. I eit innlegg i Firdaposten legg Teigen stor vekt på at Kinn kommune skal få meir skatteinntekter, men ser ikkje ut til å reflektere over at mindre investeringar og vekst i åra framover vil gi mindre og ikkje større skatteinngang for kommunen. Til dette kjem ikkje minst tap av investeringar, aktivitet og arbeidsplassar både hos havbruksnæringa og leverandørnæringa i Kinn kommune.

Sidan ordførar Ola Teigen frå første stund har heia på lakseskatten, er det ikkje overraskande at han nå er blitt endå meir positiv. Derimot er det fullstendig uforståeleg at Teigen nå ber oss to om å ikkje ta frå Kinn skatteinntekter frå havbruksnæringa. Det er Ap/Sp som no har skapt opprør og investeringsstopp langs kysten – ikkje Høgre og Venstre.

Vårt råd til ordførar Teigen er klart: Lytt litt meir til dei som driv næring og skaper arbeidsplassar i kommunen du bur i – og litt mindre til spinndoktorane i eige parti på Youngstorget i Oslo. Som ordførar er du først og fremst tillitsvald for eit lokalsamfunn, ikkje ein lydig reiskap for sentralmakta i eige parti.