Stort engasjement for å behalde Kinn!

Dei unge har den siste månaden engasjert seg sterkare enn eg nokon gong kan huske, og det har vore i innlegg for å behalde Kinn.

Det nærmar seg valdag og vi ønsker at alle som no skal stemme vil tenke grundig gjennom valet dei gjer, for dette vil ha stor påverknad på framtida vår. I denne perioden har vi sett mange nye stemmer komme på bana, vi har sett fleire unge tørre å stå fram fordi dei meiner dette er ei viktig sak for framtida deira. Eit overveldande fleirtal som har stått fram og ytra seg av dei unge har vore for å behalde Kinn kommune og at dei fryktar for framtida ved ei deling. Vi påstår likevel på ingen måte at eit fleirtal av dei unge er for å behalde Kinn kommune for det har vi ikkje tal på, men vi er imponerte av dei nye stemmene som har ytra seg.

Vi har sett eit stort engasjement frå fleire nye stemmer i denne debatten. Mange unge med ein bodskap som er krystallklar på å behalde Kinn kommune. Motet dette viser har imponert meg i ein hard debatt, men mange har turt å kaste seg ut i det. I perioden har ein no endeleg fått ei tydeleg motvekt til dei som vil reversere, med fokus på ein god debatt, og å løfte fram saker vi beviseleg har fått til i Kinn kommune. Vi bak Oppsida har derfor stelt oss til artiklar skrive av aviser og kjelder vi stoler på, på BDO-rapporten og har fokusert sterkt på å jobbe med å løfte fram et mangfald av nye stemmer i debatten, både på video og i avisene. I eit godt debattklima skal dette opplevast trygt.

I løpet av perioden har fleire sjukepleiarar og helsesjukepleiarar bidratt i video eller lesarinnlegg, folk frå frivilligheita har stått fram og delt frå sine erfaringar, unge heimflyttarar, unge i næringslivet og andre har stått fram. I avisene har kulturskulen vore tydeleg i lokalavisa på at dei har fått det betre i Kinn, næringslivet har vore tydelege både i Florø og Måløy-området på at dei synst Kinn leverer slik at dei får utvikle seg på ein god måte, eldre har delt av sine erfaringar i ein ny kommune og unge har snakka om framtida si ved ei deling av Kinn kommune – alle desse fordi dei er bekymra for konsekvensane ei deling vil ha for framtida til heimstaden sin.

Den eldste var den evig engasjerte 92 år gamle Måløy-patrioten Ingri Føleide som har jobba med samfunnsutvikling heile livet, den yngste (så vidt eg veit) var 23 år gamle Njål H. Eliasson frå Florø som ønsker studerande ein god og attraktiv kommune å flytte heim til etter studiane. Tidlegare ordførar Liv Henjum var i si tid i mot ei samanslåing, men har engasjert seg sterkt mot ei deling fordi ho er imponert av det ein får til av tenester og gjennomslag i Kinn kommune og fryktar konsekvensane ei deling vil ha. Det same gjeld tidlegare ordførar Rolf Domstein som også no meiner ei deling vil vere skadeleg. Fylkespolitikarane våre (alle frå Florø) har vore tydeleg på at ei deling vil gi oss mindre gjennomslag. Til og med grendelaget på Askrova har vore tydeleg på at å bli i Kinn er det beste for øyane i Flora-bassenget.

Og då kjem vi fram til viktige poeng. Ingen, slik eg ser det, ser ut til å ha ei plan for dei nye kommunane dersom ein skal rive opp ein organisasjon på 1.600 tilsette og ein kommune med 17.000 innbyggarar. Det er ganske alvorleg. Ein ser ut til å ville dele, og så skal ein sjå kva som skjer etter det. Når ein ikkje har tydelege klare svar på kva som blir betre av tenester, politiske gjennomslag eller liknande ved ei deling, så forstår eg ikkje kvifor ein skal utsette ein heil kommune for ei slik massiv omstilling. Vi veit altså kva vi har, men ikkje kva vi får og utgreiinga frå BDO er tydeleg på at ei deling er skadeleg.

Vi ser at ein har fått til svært mykje bra i Kinn kommune. Industribygdene Eikefjord og Raudeberg opplever ei god utvikling og får begge også vegsatsingar. Byane våre, Florø og Måløy, opplever ei utvikling ein ikkje har sett på mange år. I Florø har ein hatt ein forløysande byggeaktivitet og store satsingar fleire stader i sentrum. Fleire store bustadprosjekt er igangsett og langvarige byggesaker er løyst. Brandsøyvegen lenger inne blir utvikla, Sørstrand folkepark står ferdig og byen har fått eit nytt kulturtårn – godt støtta av Kinn kommune. I Måløy står ein framfor ei stor sentrumsutvikling, bustadfelt i Skramsmarka, det er planar om utkikkspunkt på Ellingskarshornet og ein er faktisk kome lenger med planane om Skram skole enn nokon gong tidlegare. Alle desse prosjekta vil lide under ei deling og det politiske miljøet er i dag klare på at Skram skole er ein prioritet, ein ny Vågsøy kommune trur vi vil slite i mange år for å få råd til dette. I Deknepollen er det også ny bustadutvikling og mange nye tomter på gang.

Oppdeling av fagmiljø er ein stor grunn til at mange har engasjert seg i saka. BDO er tydelege på at ei oppsplitting av fagmiljøa vil kunne gi eit dårlegare tilbod. Fleire tilsette har også uttrykt uro ved å måtte gå gjennom endå ein omstillingsprosess.

Kva blir det neste?

Dette spør varaordføraren om i sitt lesarinnlegg tysdag. Dette ser eg som bygd opp av ein grunnleggande mistillit og ei framstilling av at Vågsøy-delen lir i Kinn. Ja, leiarstillingar er vekk til Florø, nokre mellomleiarstillingar er vekk til Måløy, men nedskjeringar av tilsette har skjedd i Florø også, og på rådhuset i Måløy er det like mange tilsette som før. Motstanden i Vågsøy-delen er sterkt minkande – dette såg vi også på meiningsmålingane 4. august. Fleire og fleire vil behalde den nye kystkommunen vår. Det viktigaste er at begge delar av kommunen har fått betre tenester på område som for eksempel plan og regulering, og vil ifølge BDO få svekka tenester av å dele opp fagmiljøa.

Ein må gi og ta alltid, ein får ikkje viljen sin på alt og får alt med ein gong, men no får ein til betydeleg meir enn før og det skjer raskare enn før. Og for å svare på det retoriske spørsmålet «kva blir det neste?»: Det neste blir nye bustadsatsingar, opprusting av Gate 1, ein ny Skram skole som er prioritert av eit samstemt kommunestyre, vegprosjekt i Markegata, på Raudeberg, i Eikefjord og Brandsøy, betre båtruter på kysten frå 2024 og mykje, mykje meir. For tempoet ein no får til ting i, er noko vi ikkje kan huske å ha opplevd tidlegare.

Til slutt vil eg poengtere ein ting. Eg meiner ei deling vil sette både Flora og Vågsøy tilbake i tid. Florø vil bli senter i ein kommune som er mindre enn Voss og Sogndal, og Måløy vil bli kommunesenter i ein kommune mindre enn Sandane (Gloppen). I kampen om å behalde linjer på Måløy vidaregåande, flyplassen i Florø sin konkurranse mot Førde, gode båtruter, kystvegen og mange fleire saker, så vil dette svekke oss kraftig. Den størrelsen som no har gitt oss viktige sigrar opp mot fylket, vil bli kraftig svekka og vi vil igjen slite med å få prosjekt gjennom på kysten.

Framtida vår kan ikkje basere seg på ein tabell over kor mange kommunar som har mindre enn 5.000 innbyggarar i Norge, eller i verda for den del, framtida vår må basere seg på kunnskap om tenestene våre og den konteksten vi er i. Vi er per i dag ein kommune med 17.000 med tilsette som leverer gode tenester og vi får større politiske gjennomslag i eit fylke med 630.000 innbyggarar enn vi gjorde før. Skal ein kaste det på bålet, så må ein i det minste kunne vise kva som blir betre innanfor desse sakene ved ei deling. Det har ikkje kome fram på nokon måte.

Ein bør ha svært gode grunnar for rive opp ein kommune med 1.600 tilsette og 17.000 innbyggarar, og det bør vere eit tydeleg resultat i avstemminga om ein skal gå for dette. Om det er heilt jamt så bør ein gi kommunen meir tid enn to år for å bevise kva den kan levere på. Noko anna vil vere å ikkje ta ansvar. Når ingen har svart på kva ei deling skal gi oss, kva ein skal få til som ein ikkje får til no, eller kva som er planen dersom ein deler, så har folk ingenting relevant å samanlikne med.

Det er mange oppsider i Kinn. Bruk stemmeretten din og stem for ein sterk kystkommune – stem for å bli i Kinn.