Dette innlegget er skriven av Gunhild Berge Stang (2. kandidat), Anne Mette Hjelle (3. kandidat), Trude Risnes (5. kandidat) for Sogn og Fjordane Venstre til Stortingsvalet 2017.

Færre kvinner enn menn – betyr det noko?

Færre kvinner enn menn har leiande posisjonar i samfunns- og arbeidslivet i «trivsels- og framtidsfylket» Sogn og Fjordane . Vi strevar også med eit vedvarande kvinneunderskot. Det er verken triveleg eller framtidsretta.

I dag er det ei overvekt av kvinner som tek høgare utdanning. Og det er særleg kvinner som flyttar frå fylket. For å ta høgare utdanning og bruke utdanninga dei har. Kun eit mindretal av dei med høgare utdanning kjem tilbake, færre enn i fleire andre fylke. I hovudsak blir det forklart med einsidige næringsstrukturar og manglande mangfald i arbeidsplassar. Men kvinnene – og unge generelt - blir ikkje nødvendigvis verande i storbyen. Likevel: dei fleste endar med å busette seg i regionar med større arbeidsmarknader, som kan gje eit breiare utdannings- og karriereval, som tilbyr breie fagmiljø, jobb til to og moglegheiter for framtidige karriereskifte. Det blir også peikt på at fleire unge jenter har eit negativt syn på heimstaden, få ser føre seg ei framtid i ein distriktskommune.

Kva betyr så det for prioriteringane vi gjer? Vi meiner at Sogn og Fjordane må kunne tilby både bygd og by. Då treng vi betre integrerte bu- og arbeidsmarknader og sterke sentra. Som spelar godt saman med sine omliggande kommunar. Regionale sentra med større mangfald i arbeidsplassar, tenester, utdanningstilbod og av folk. Med nærleik mellom og breidde i ulike fagmiljø, kraft til samhandling, og ein infrastruktur som handterer fjell og fjord. For å styrke og utfylle det som er. For å motverke den saktegåande sentraliseringa som over tid har flytta folk og marknader til storbyregionane.

• å flytte ut statlege arbeidsplassar til regionale sentra og kommunar der desse kan bidra til større mangfald og regional kraft

• sterke kommunar som tilbyr breie fagmiljø, heiltidsstillingar, mangfald i tenestetilbodet, nye oppgåver og kapasitet til å drive utviklingsarbeid.

• å styrke dei regionale høgskuleinstitusjonane og regionale forskingsfond

• opprustning og investering i kommunikasjon, særleg det som bind regionssentra våre saman

• at utviklingsmidlar skal bygge innovasjons- og kompetansemiljø i regionale sentra

• breibandssatsing også der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging

• at grunderar og private næringsdrivande får betre sosiale rettar

• å styrke velferdsordningar for einslege og einslege forsørgarar

• gratis barnehagetilbod og gode skular