Eg viser til innlegg frå kommunestyrerepresentant Daniel Henriksson fredag.

Det er heilt innafor å fremje kritikk og ha synspunkt til avgjerder som administrasjonen har teke. Kommunestyrerepresentantar bør derimot ikkje ta fram ein enkelt medarbeidar sine tilsettingstilhøve og vilkår slik det var gjort av Daniel Henriksson i hans innlegg i Fjordenes Tidende og Firdaposten.

Slike tilhøve høyre ikkje heime i media. Henriksson er arbeidsgjevar for tilsette.