Fellesuttale frå Arbeidarpartiet, Venstre, Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti i Kinn

Etter at Statsforvaltaren i Vestland no har lagt fram kunnskapsgrunnlaget som er utarbeida av BDO i samband med den pågåande prosessen om eventuell reversering av Kinn kommune har Arbeidarpartiet, Venstre, Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti følgjande uttale:

Kunnskapsgrunnlaget er bestilt og definert av Statsforvaltaren på oppdrag frå Kommunaldepartementet, etter initiativ frå kommunestyrerepresentantane som ynskjer å løyse opp Kinn kommune. Våre fire parti ville opphavleg ha eit grundigare og meir omfattande kunnskapsgrunnlag, der ein òg hadde betre tid til vidare utgreiing og vurdering av kunnskapsgrunnlaget slik kommunestyret vedtok i desember 2021. Dessverre vart dette vedtaket omgjort av Senterpartiet, Raudt, MDG, SV og Høgre i februar 2022, og det vart lagt til grunn ei langt meir avgrensa utgreiing og mykje kortare tid til arbeidet.

Statsforvaltaren sitt kunnskapsgrunnlag har på bakgrunn av dette manglar som ein ville funne betre svar på om ein hadde hatt betre tid, og lagt til grunn ei breiare vurdering på nokre område. Vi vil spesielt peike på at sjølv om rapporten viser at to nye kommunar vil ha vesentleg dårlegare økonomi enn Kinn kommune vil ha i åra framover, så har ein ikkje fullt ut fått fram dei negative økonomiske konsekvensane og kva dei vil føre til i kutt og nedbygging av dei kommunale tenestene.

BDO-rapporten bekreftar det dei fire partia har hevda gjennom heile prosessen. Det vil få negative konsekvensar for den kommunale økonomien og tenestetilbodet til innbyggjarane å reversere kommunen.

For dei fleste er det viktigaste kva ein kommune evnar å levere av gode tenester og utvikling, ikkje kva kommunen heiter eller kor kommunegrensa går. Og det som er tydeleg i rapporten er at om ein reverserer kommunen, så vil tenestene til innbyggjarane bli dårlegare, og ein vil ha mindre høve til å realisere viktige prosjekt som Skram skule, nye institusjonsplassar i Florø, gymsal ved Florø barneskule, oppgradering av gate 1, Nordfjordbadet og fotballhallen.

Partia peikar spesielt på det som kjem fram i kunnskapsgrunnlaget om svekka kvalitet, kapasitet og kompetanse innan kulturskule, Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), helsestasjon, psykisk helse, rus, helsetenestene, teknisk drift, plan og bustad, samt generelt sett dårlegare kapasitet og kvalitet i fag- og støttefunksjonar. – Nokre av desse tenestene er svært viktige for dei aller mest sårbare i lokalsamfunnet, og vil kunne få store personlege konsekvensar for mange av desse.

Partia syner og til den klare tilbakemeldinga frå næringslivet i kommunen om at ei reversering vil vere negativt for næringsutviklinga, verdiskapinga og utviklinga av arbeidsplassar. Næringslivet er berebjelken i kommunen, det er dei som skapar arbeidsplassane som igjen sikrar at folk har ein jobb og ei inntekt, og at kommunen får skatteinntekter. Når næringslivet er tydeleg på at ei reversering vil føre til dårlegare rammevilkår og dårlegare oppfølging frå kommunen, så er det viktig å lytte til. Desse har tett og viktig dialog med kommunen, og kjenner kor skoen trykker.

Trass i at Kinn kommune har lukkast innan mange område, og er komen langt innan endå fleire, så er det framleis ikkje alt ein er i mål med. Rapporten peikar på ein krevjande økonomisk situasjon i åra framover, og det vil krevje mykje av dei folkevalde og tilsette å omstille kommunen slik at ein får eit driftsnivå som er tilpassa inntektene. Og sjølv om rekrutteringssituasjonen har betra seg noko, så vil det sjølv for ein kommune av Kinn sin storleik vere krevjande å rekruttere kompetanse i åra framover. Her må kommunen spele på lag med næringslivet og andre for å styrkje bulysta og tilflyttingslysta i lokalsamfunna våre.

Stramme økonomiske rammer vil gjere det krevjande å få til investeringar som skal utvikle kommunen i åra framover. Først og fremst viktige investeringar for tenestetilbodet som Skram skule i Måløy, gymsal ved Florø barneskole og nye institusjonsplassar i Florø, men og viktige bulysttiltak som oppgradering av gate 1, fotballhallen i Florø og Nordfjordbadet. Det blir krevjande å få desse investeringane på plass, men utifrå den økonomiske vurderinga i kunnskapsgrunnlaget, så vil det vere lettare og raskare å få dette på plass dersom vi held fram som Kinn kommune, enn om vi splittar opp kommunen.

Dei fire partia håpar at innbyggjarane set seg godt inn i innhaldet i rapporten, og ikkje minst konsekvensane ei deling av kommunen vil ha for økonomien, tenestetilbodet og utviklinga i dei eventuelt nye kommunane i åra framover. Ei deling vil ha store konsekvensar for alle som bur i kommunen. Difor bør òg alle som har røysterett nytte høvet til å seie si meining om kva tenestetilbod dei ynskjer frå kommunen sin i åra som kjem ved å bruke røysteretten sin.